Handball
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Handball er ein av Noregs største idrettar, og er eit lagspel med ball og to mål. I handball kan ein halda ballen i hendene, men berre i eit visst tidsrom. Spelet har meir kontakt enn til dømes fotball, det blir spela på ein mindre bane, og er ofte raskare. Sporten set store krav til utøvarane taktisk og teknisk, og ein håndballspelar må vere sterk, hurtig og uthaldande.
Handballen er liten, mykje mindre enn ein korgball, slik at det skal vere mogleg å halde den med ei hand (sjølv om det er lovleg å halde den med to hender).
[endre] Laga
Kvart lag har 7 spelarar; 2 kantspelarar (høgre og venstre), 2 bakspelarar (høgre og venstre), 1 midtre bakspelar, 1 linjespelar og 1 målvakt.
[endre] Banen
Handball blir spela på ei rektangulær bane (40 × 20 meter) med ei linje på midten og eit mål i kvar ende.
Framfor målet er det eit felt forma som ein halvsirkel som har ein radius på seks meter. Dette blir kallast 'målfeltet'. Det er også ein stipla halvsirkel ni meter frå målet. Berre den forsvarende målvakta har lov til å vere inne i målfeltet, sjølv om ein kva som helst spelar kan prøve å ta ballen i lufta innafor målfeltet. Skulle ein forsvarende spelar prøve å stoppe ein angripar i scoringsposisjon ved å vere innafor målfeltet, blir det sjumeterskast (straffekast)til det angripande laget.
[endre] Reglar
Det er lov å gå tre skritt med ballen utan å sprette den, når desse skritta er tatt kan du sprette ballen eller kaste den til en medspelar. Banen er avgrensa med strekar som fortel kvar målvaktområdet og speleplanet til utespelarane er. Alle spelarane er med i spelets forsvars- og angrepsfase.
- Skritt - Når ein tar fleire enn tre skritt med ballen uten å sprette den.
- Tramp - Når ein utespelar trør/er inne i målfeltet.
- Frikast - ved brot på reglane får det andre laget frikast.
- Advarsel (gult kort) og to-minutters utvising - ved medvetne brot på reglane og ved usportsleg framferd.