Tromsø
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Våpen | Kart |
---|---|
Grunnleggjande opplysningar | |
Kommunenr: | 1902 |
Fylke: | Troms |
Administrasjonssenter: | Tromsø |
Flatevidd: | 2 557 km² |
Folketal: | 64 492 (2007) |
Målform: | Nøytral |
Internettside: | www.tromso.kommune.no |
Politikk | |
Ordførar: | Herman Kristoffersen (Ap) 2003-2007 |
Tromsø (nordsamisk: Romsa) er ein bykommune i Troms fylke. Han er den tredje største bykommunen i landet, og den sjuande etter folketalet. På 1800-talet var den vesle byen ofte besøkt av utanlandske handelsmenn og turistar, og dei var overraskte over kultur, klesdrakt og språkkunnskaper mellom borgarskapet i byen, og kalla difor byen «Nordens Paris», eit utnamn som i dag ofte feilaktig knyttast til nattelivet i byen og det generelt høge aktivitetsnivået.
Innhaldsliste |
[endre] Historie
Det er funne spor etter busetting i området som er 9000 år gamle. Den første kyrkja vart bygd her i 1252, og blei den nordlegaste kyrkja i verda. Ho vart kalla Sancta Maria juxta paganos, eller "Sankta Maria blant heidningane". Frå om lag same tida stammar Skansen, som er ein skanse bygd i torv, som blei bygd for å verge området mot herjingane til russarane og karelarane.
Tromsø fekk bystatus og privilegiar som kjøpstad i 1794, men på denne tida hadde byen eit innbyggjartal på rundt 80 menneske. På 1800-talet vart byen viktigare. Han vart bispesete i 1834 og fekk ein lærarskule og eit skipsverft i 1848. Tromsø Museum vart skipa i 1872 og Mack-bryggjeriet i 1877.
Ved slutten av hundreåret var byen blitt eit viktig handelssenter i nord, og var utgangspunktet for mange ekspedisjonar til Arktis, og polaroppdagarar som Roald Amundsen, Fridtjof Nansen og Umberto Nobile brukte byen som utgangspunkt. Nordlysobservatoriet vart grunnlagd i 1927.
Flyplassen ble opna for trafikk i 1964. Universitetet i Tromsø blei vedtatt oppretta i 1968 og opna i 1972. I 1998 flytta Norsk Polarinstitutt til Tromsø. Hausten 2005 opnar nybygget til Hålogaland Teater.
[endre] Tettstader
- Ersfjordbotn
- Kaldfjord
- Movik
- Sommarøy
- Tromsø
[endre] Anna
[endre] Vennskapsbyar
Tromsø har ti vennskapsbyar:
- Kemi (Finland, etablert 1940), Luleå (Sverige, 1950), Ringkøbing (Danmark, 1950), Grimsby (England, 1961), Poona (India, 1966), Zagreb (Kroatia, 1971), Murmansk (Russland, 1972) Anchorage (Alaska, USA, 1969), Quetzaltenango (Guatamala, 1999), Gaza (Palestina, 2001)
[endre] Tromsøværingar
- Geir Jenssen, musikar
- Peter Wessel Zapffe, forfattar og filosof
- Lene Marlin, popartist
- Svein Berge og Torbjørn Brundtland som står bak gruppa Röyksopp
- Anneli Drecker og gruppa Bel Canto
[endre] Bakgrunnsstoff
|