Harald I av Noreg
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Konge av Noreg | om lag 872–933 |
Føregjengar | – |
Etterfylgjar | Eirik Blodøks |
Fødd | om lag 850 |
Død | 933 |
Gift med |
|
Barn | Mange, mellom anna |
Gravlagd | Karmsund |
' |
Harald I Hårfagre (om lag 850–933), på norrønt Haraldr hinn hárfagri, var grunnleggjar og den første kongen av Noreg. Kongar som ætta frå han vart rekna til Hårfagreætta.
Harald arva fleire spreidde småriker på Austlandet etter far sin, Halvdan Svarte, som døydde i 860. Han skal så ha bede kongsdottera Gyda om å gifta seg med han. Ho ville dette bare dersom han var konge over heile landet, sa ho. Harald svor då at han ville leggja heile Noreg under seg, og ikkje klippa eller stella håret sitt før han hadde klart det. For det stygge, ustelte håret han etter kvart fekk, blei han ironisk kalla Hårfagre.
I 866 erobra han det første av fleire småriker, og i slaget ved Hafrsfjord i Rogaland fylke vann han om lag 872 ein avgjerande siger over fleire småkongar. Han var blitt konge over nesten heile landet, men farer truga utanfrå. Fleire av motstandarane hans hadde flykta og slått seg ned på Island, Færøyane, Orknøyane, Shetlandsøyane, Hebridane og sjølve Skottland, og drog på krigstokt både til Noreg og andre land i Europa. Etter ei tid med dette drog Harald Hårfagre til dei britiske øyane og reinska dei for uvennlege nordmenn, som flykta til Island. Frå då av tilhøyrde desse øyane Noreg.
Harald Hårfagre hadde mange søner, som alle hadde like stor rett på trona, og kjempa mykje innbyrdes om kven som skulle få henne. Sjølv ville Harald at favorittsonen, Eirik Blodøks, skulle bli konge etter han. Det blei han, men ikkje for lang tid.
Hårfage skal ha vore far til personane lista opp under. I ettertid var det viktig å kunna visa til slektskap med Harald Hårfagre. Det er såleis ikkje visst at han i røynda var far til alle.
Med Gyda Eiriksdotter:
- Ålov Årbot
- Rørek Haraldsson
- Sigtrygg Haraldsson
- Frode Haraldsson
- Torgils Haraldsson
Med Åsa Håkonsdotter:
- Guttorm Haraldsson
- Halvdan Svarte Haraldsson
- Halvdan Kvite Haraldsson
- Sigrød Haraldsson
Med Ragnhild Eiriksdotter:
- Bjørn Farmann
- Olav Haraldson
- Ragnar Rykkel
Med Åshild Ringsdotter:
- Dag Ringsson
- Dag Haraldsson
- Gudrød Skirja
- Ingegjerd Haraldsdotter (kanskje Tora Mosterstong var hennar mor)
Med Snøfrid Svåsedotter:
- Sigurd Haraldsson Rise
- Halvdan Hålegg
- Gudrød Ljome
- Ragnvald Rettilbeine
Med Tora Mosterstong
- Håkon den gode (Håkon Adalsteinsfostre)
Føregjengar: – |
Konge av Noreg (om lag 872–933)
|
Etterfylgjar: Eirik I Blodøks |