Iskar
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Iskar | ||
|
||
Utspring | Ved fjelltoppen Damga i Rila i Bulgaria. | |
Munning | Donau, nord for Gigen i provinsen Pleven | |
Tilknytta land | Bulgaria | |
Lengd | 368 km | |
Høgd over havet ved utspring | 2 500 m | |
Nedslagsfelt | 8 646 km² |
Iskar (bulgarsk Искър; latinsk Oescus) er den lengste elva som berre renn innafor Bulgaria, og er ei av sideelvane til Donau. Ho har ei lengd på 368 km.
Iskar oppstår frå tre elvar, Tsjerni Iskar (Svarte Iskar), Beli Iskar (Kvite Iskar) og Levi Iskar (som i lag går under namnet Iskrove). Kjelda til Iskar vert rekna som Prav Iskar, ei av sideelvane til Tsjerni Iskar. Etter ho har kome ned frå den nordlege sida av Rila renn ho ut i Iskar-reservoaret, det største i Bulgaria. Elva renn nær Sofia, og passerar gjennom eit juv i Balkanfjella. Ho munnar så ut i Donau nær landsbyen Gigen i provinsen Pleven. Iskar er den einaste elva med utspring sør i Bulgaria som renn gjennom Balkanfjella og ut i Donau.
Iskar renn gjennom sju provinsar i Bulgaria: Hovudstaden Sofia, provinsen Sofia, provinsen Pernik, provinsen Vratsa, provinsen Pleven og provinsen Lovetsj. Elva er hovudvasskjelda for Sofia.
Geologisk sett er Iskar den eldste elva på Balkan, og den einaste elva som har halde på den opphavlege retninga si, trass i fleire geologiske endringar i området.
[endre] Kjelde
Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Iskar frå Engelsk Wikipedia.
Donau |
---|
Land:Tyskland | Austerrike | Slovakia | Ungarn | Kroatia | Serbia | Romania | Bulgaria | Ukraina | Moldova |
Byar: Donaueschingen | Ulm | Ingolstadt | Regensburg | Passau | Linz | Wien | Bratislava | Győr | Esztergom | Budapest | Baja | Vukovar | Ilok | Bačka Palanka | Novi Sad | Beograd | Smederevo | Drobeta-Turnu Severin | Vidin | Ruse | Brăila | Galaţi | Tulcea |
Sideelver: Iller | Lech | Regen | Isar | Inn | Morava | Enns | Rába |Drava | Tisza | Sava | Timiş | Velika Morava | Jiu | Iskar | Olt | Osam | Jantra | Vedea | Argeş | Ialomiţa | Siret | Prut |