Ulm
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ulm er ein by i den tyske delstaten Baden-Württemberg ved elva Donau. Byen har i overkant av 100 000 innbyggjarar, saman med nabobyen Neu-Ulm på den andre sida av elva er det ca. 165 000. Neu-Ulm ligg derimot i delstaten Bayern.
Dei næraste større byane er Augsburg og München i søraust og Stuttgart i nordvest.
Ein veit om menneskeleg busetnad frå ca. 5000 f.Kr., og Ulm fekk sine byrettar av keisar Fredrik Barbarossa i 1181. Byen blei øydelagt av bombeangrepa frå dei allierte i 1944 og 1945, men som i alle andre byar blei gjenoppbygginga sett i gang straks etter krigen. Eit universitet blei grunnlagt der i 1967.
Kyrkja i Ulm – Ulmer Münster – har det høgaste kyrkjetårnet i verda med sine 161,5 meters høgde og 753 trappesteg. Frå toppen er det av og til utsyn heilt fram til Alpane (sjå bildet).
[endre] Kjende personar
- Albert Einstein
- Hildegard Knef
- Uli Hoeness
[endre] På verdsveven
- Den offisielle heimesida til byen (tysk)
- Bilete frå Ulm (tysk)
- Science Park Ulm (tysk)
Donau |
---|
Land:Tyskland | Austerrike | Slovakia | Ungarn | Kroatia | Serbia | Romania | Bulgaria | Ukraina | Moldova |
Byar: Donaueschingen | Ulm | Ingolstadt | Regensburg | Passau | Linz | Wien | Bratislava | Győr | Esztergom | Budapest | Baja | Vukovar | Ilok | Bačka Palanka | Novi Sad | Beograd | Smederevo | Drobeta-Turnu Severin | Vidin | Ruse | Brăila | Galaţi | Tulcea |
Sideelver: Iller | Lech | Regen | Isar | Inn | Morava | Enns | Rába |Drava | Tisza | Sava | Timiş | Velika Morava | Jiu | Iskar | Olt | Osam | Jantra | Vedea | Argeş | Ialomiţa | Siret | Prut |
![]() |
Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han. |
Sjå òg: Oversyn over spirer. |