Jagarfly
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jagarfly er kampfly laga primært for å avskjera eller nedkjempe andre fly. Jagarfly er som regel små, hurtige og lettmanøvrerte.
Innhaldsliste |
[endre] Historie
[endre] Den fyrste verdskrigen
I byrjinga av den fyrste verdskrigen, var flyet sine eigeskapar i strid lite utforska. Fly vart difor mest brukt til rekognosering. Dei første fiendtlege møta vart utkjempa - med å vinke til kvarandre.
Somme oppfinnsame pilotar tok etterkvart med seg handgranatar eller jaktgevær, men då ein etterkvart innsåg potensialet i flyrekognosering, og behovet for å hindra ei slik fiendtleg aktivitet, fekk flya etterkvart montert eit maskingevær, som regel betjent frå baksetet. Lade- og siktesystemet var for tungvint å fomle med for den som i tillegg skulle manøvrere flyet.
Det vart snart klårt at flya kunne brukast til å angripe fienden sine luftskip og observasjonsballongar. Dermed oppsto behovet for fly som kunne skyte ned fienden sine angrepsfly, og soleis kom jagarflyet til. For å få til effektiv eld mot motstandaren, vart maskingeværet festa framme på flyet, som regel framfor cockpiten. På denne måten vart flyet meir stabilt, og det vart lettare å sikte inn våpenet.
Men det vart ei utfordring å gje maskingeværeld gjennom propellen, utan at blada fekk skade av det. Løysinga til den berømde franske flygaren Roland Garros var å utstyre propellen med beskyttande metallplater der elden kunne råke. Seinare utvikla den hollandske flyingeniøren Anthony Fokker det fyrste jagarfly der elden frå maskingæveret var synkronisert med propellen. Då kunne maskingeværet ikkje skyte når propellblada sto framfor munningen.
Gjennom krigsåra utvikla jagarflyet seg frå to-seters fly med ein motor på omlag 100 hk og ein toppfart på 120 km/t, til einseters fly med omlag 200 hk, toppfart på ca 200 km/t, ei og ei vekt på omlag 1.200 kg, væpna med to maskingevær i kaliber omlag 7 mm.
[endre] Den andre verdskrigen
Ved utbrotet av krigen var dei fleste land sine flyvåpen dominert av fly som berre var litt betre enn dei som avslutta 1. verdskrigen.
Men ein ny generasjon jagarfly var utvikla. Små, lette eindekka fly med lukka cockpit som Hawker Hurricane og Messerschmitt Bf 109 viste seg overlegne i luftkamp. Dei hadde motor på omlag 1000 hk, ei vekt på over 2.500 kg og ein toppfart på omlag 500 km/t. Væpninga var delvis flytta ut i vengene, og var framleis typisk maskingevær i kaliber kring 7 mm, men antalet var auka til 6, 8 eller 12.
Det vart snart klårt at farten var avgjerande for å vinna luftkampar, og flya fekk stendig sterkare motorar. For å kunne kjempe i høg fart vart væpninga tyngre, og for å verne seg fekk flya pansring. Soleis vart jagarflya også både større og tyngre, og på slutten av krigen hadde fleire av dei mest effektive, som Lockheed P-38 Lightning og De Havilland Mosquito, fått to motorar kvar på over 1.500 hk, ei vekt på mellom 5 og 6 tonn, og ein toppfart på opp mot 700 km/t. Dei fleste jagarflya var no væpna med ei eller fleire kanoner i kaliber 20 mm, i tillegg til 2 til 8 maskingevær i kaliber 12,7 mm eller tilsvarande.
Gjennom krigen vart det utvikla nye rollar for jagarflya. Vi fekk fly med stor rekkevidd, som P-51 Mustang, som kunne eskortera bombefly på tokt inn over fiendeland. Andre jagarfly vart utstyrte med radar for å kunne kjempe om natta. Andre igjen vert væpna med bomber og rakettar for å kunne angripe bakkemål. Grensa mellom jagarfly og bombefly vart utviska, og vi fekk det som vert kalla jagarbombefly.
[endre] Jetdrevne Jagarfly

Alt før 2. verdskrigen starta, byrja utviklinga av jagarfly drivne av jetmotor. Det første som vart operativt, var det tyske Messerschmitt Me 262 midt i 1944. Det hadde ein toppfart på 870 km/t og var væpna med fire 30 mm kanoner. Det var totalt overlegent dei propelldrivne motstandarane, men på grunn av mangel på drivstoff spela det ikkje den rolle det kunne ha gjort.
Det britiske Gloster Meteor kom i bruk like etter. Sjølv om desse tidlege jagarflya var langt raskare enn konvensjonelle jagarfly, var jetmotoren enno stor og tung i høve til krafta, han tålte lite, og var vanskeleg for piloten å fly med. Til same generasjonen høyrer tyske Arado Ar-162. Det til no einaste rakettdrivne jagarflyet Messerschmitt Me-163 Komet kan også nemnast her. Det vog 1,9 tonn og hadde ein toppfart på 960 km/t.
Etter den andre verdskrigen utvikla partane i den kalde krigen jagarflya vidare. Jetmotoren vart meir effektiv, og radar og anna elektronikk vart stadig meir avansert. Toppfart kunne no koma opp i over 2000 km/t, altså over 2 gonger lydfarten. Flya vart i aukande grad utstyrt med missilar som gjorde det mogleg å bekjempe fiendtlege fly på stadig lengre avstand, etter kvart opp til 100 km som med Vympel R-77 missilet.
Kamperfaring viste likevel at jagarfly ofte enda opp i nærkamp, slik at kanonvæpning vart innført att, no ofte som snøgtskytande maskinkanoner med roterande løp, som M-61 Vulcan.
Jagarfly vart gjennom etterkrigsåra ofte delt inn i dagjagar og allversjagar, alt etter kor omfattande utstyr flya hadde. Etter som utstyret er blitt meir avansert, er flya blitt så dyre i innkjøp, at det dei siste tiåra er vanleg å bruke same flyet i fleire rollar berre ved å skifte utdeler av elektronikk og utrusting, vi har fått eit multirollefly.
Dei nyaste jagarflya legg vekt på betre radar og andre sensorar; mindre infraraud- og radarsignatur, såkalla stealth-teknologi, og tilknyting til datanettverk for utveksling av informasjon med andre aktørar i lufta og på land og sjø.
![]() |
Denne militærartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over militærspirer. |