Jakob
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jakob, Jacob eller Jakop er eit mannsnamn av hebraisk opphav. Andre namneformer er James (engelsk og Jeppe dansk.
Tyinga er omstridd:
- I fotnote til 1. Mosebok 25.26 skriv Bibelselskapet (1985) at namnet vert sett i samanhang med å halde i hælen eller narre, lure.
- Olav Veka i Namneboka (1991) oppgjev at tydinga kanskje er Gud må verne.
Innhaldsliste |
[endre] Bruken av namnet i Noreg
Namnet har vore mykje brukt i Noreg, heilt sidan 1300-talet, men fall i popularitet ut over 1900-talet. Dei siste åra har namnet auka kraftig i popularitet. Utvikling i bruken av namnet:
[endre] Jakob som bibelsk namn
- Patriarken Jakob, son åt Isak og Rebekka (1. Mos. 25.26-37 m.fl.9),han som sidan tok namnet Israel
- Apostelen Jakob, son til Sebedeus (Evangeliet etter Matteus, 10.2)
- Apostelen Jakob, son til Alfeus (Mat., 10.3)
- Jakob, bror til Jesus (Mat. 13.55), etter tradisjonen forfattar av Jakobs brev.
[endre] Kjende namnebærarar
- Jacob Grimm, tysk eventyrsamlar
- Jakob,skotske kongar av huset Stuart (engelsk James).
- Jakob Sande, norsk diktar
[endre] Sjå òg:
- Søk etter norsk namnestatistikk for Jakob hjå Statistisk Sentralbyrå