James Watt
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
James Watt (19. januar 1736–19. august 1819) var ein skotsk matematikar og ingeniør. Vidareutviklinga hans av dampmaskina vert rekna som ein sterkt medvirkande årsak til den industrielle revolusjonen. Måleininga for effekt, watt, er oppkalla etter han.
Watt blei fødd i Greenock nær Glasgow i Skottland. Far hans var instrumentmakar som tilverka og reparerte navigasjonsinstrument. Då James var 19 drog han til London for sjølv å læra seg dette yrket. Av ein ukjend grunn fullførte han ikkje lærlingetida, men drog tilbake til Skottland, der han etter fleire forsøk fekk arbeid som matematisk instrumentmakar ved universitetet i Glasgow. Her kom han i kontakt med vitskapleg nyskaping, mellom anna dampmaskinen laga på 1700-talet av engelsmannen Thomas Newcomen.
[endre] Kjelder
Denne fysikkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over fysikkspirer. |