Jan Guillou
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jan Oscar Sverre Lucien Henri Guillou (f. 17. januar 1944) er ein svensk journalist og forfattar fødd i Södertälje i Stockholms Län. Utanfor heimlandet er Jan Guillou mest kjend for bokserien om den svenske agenten Carl Hamilton, som er filmatisert og vist mellom anna på norsk TV. I tillegg til den har den historiske romanserien om korsfararen Arn Magnusson og hans innverknad på historia til det svenske kongeriket vore på bestselgarlistene i fleire land.
Guillou kom først i søkelyset som journalist i 1973, då han -saman med kollegaen Peter Bratt- avslørte eksistensen av det svenske Informationbyrån (IB), og deira omfattande overvaking av venstreradikale svenskar gjennom etterkrigstida, kjend som IB-affären. For si rolle i avsløringa vart Guillou dømt til fengsel for spionasje.
På slutten av 1990-talet tufta Guillou det frittståande bokforlaget Piratförlaget saman med Sigge Sigfridsson, Liza Marklund og kona Ann-Marie Skarp. Forlaget har no òg fått eit norsk systerforlag, som Guillou publiserar bøkene sine på; Piratforlaget.
Guillou skriv regelmessig for det svenske Aftonbladet, og er ein annerkjend deltakar i samfunnsdebatten. Han har opp gjennom åra stått fram med mykje krass kritikk av samfunns- og medieutviklinga i Sverige, og på det viset heile Vesten.
Innhaldsliste |
[endre] Verkliste
[endre] Bøker omsette til norsk bokmål
Soga om Arn Magnusson:
- 1998 Veien til Jerusalem
- 1999 Tempelridderen
- 2000 Riket ved veiens ende
- 2001 Arven etter Arn
- 2002 I Arns fotspor
Bøker om Hamilton:
- 1986 Coq Rouge - Rød Hane
- 1987 Den demokratiske terroristen
- 1988 I nasjonens interesse
- 1990 Fiendens fiende
- 1991 Den aktverdige morderen
- 1992 Vendetta
- 1993 Ingenmannsland
- 1994 Siste seier
- 1995 I Hennes Majestets tjeneste
- 1996 Hevet over enhver mistanke
- 1997 Hamlon
- 2006 Madame Terror
Andre bøker:
- 2002 Heksenes Forsvarere
- Ondskapen
[endre] På svensk:
[endre] Bakgrunnsstoff
- Svensk: Kolumner i Aftonbladet