Jo Nesbø
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jo Nesbø (fødd 29. mars 1960 i Oslo) er ein norsk musikar og forfattar. Han er utdanna siviløkonom og finansanalytikar frå Norges Handelshøyskole, og har arbeidd både som meklar og journalist i tillegg til å vera vokalist og songskrivar i rockegruppa Di Derre.
I 1997 debuterte han som forfattar med boka Flaggermusmannen. Inspirert av ungdomsåra i Molde, der han gjekk på «Gymnaset», skreiv Nesbø manus og musikk til musikalen 90-metersbakken, som vart sett opp i Molde og turnerte i Møre og Romsdal fylke i 2004. Stykket vart òg sett opp ved Trøndelag Teater.
[endre] Plater
- Den derre – Di Derre (1993)
- Jenter & sånn – Di Derre (1994)
- Gym – Di Derre (1996)
- Slå meg på – Di Derre (1998)
- Karusellmusikk – solo (2001)
- di beste med di derre – Di Derre (2006)
[endre] Bøker
- Flaggermusmannen – kriminalroman (1997)
- Kakerlakkene – kriminalroman (1998)
- Stemmer fra Balkan/Atten dager i mai (med Espen Søbye) – dokumentar (1999)
- Rødstrupe – kriminalroman (2000)
- Karusellmusikk – noveller (2001)
- Sorgenfri – kriminalroman (2002)
- Marekors – kriminalroman (2003)
- Frelseren – kriminalroman (2005)
[endre] Prisar og utmerkingar
- Rivertonprisen 1997, for Flaggermusmannen
- Glassnøkkelen 1998, for Flaggermusmannen
- Bokhandlerprisen 2000, for Rødstrupe
- Mads Wiel Nygaards legat 2002
- Tidenes beste norske krimroman, kåring i Nitimen 2004, for Rødstrupe