Norges Handelshøyskole
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Norges Handelshøyskole (NHH) er ein vitskapleg høgskule som underviser og forskar i økonomiske og adminstrative fag. Skulen ligg i Bergen og har i underkant av 3000 studentar og omlag 300 tilsette.
Tidlegare gav eit fireårig studium ved NHH graden Siviløkonom. Etter innføringa av Kvalitetsreforma er no undervisninga delt inn i eit treårig bachelor-studium og eit toårig master-studium. I tillegg underviser NHH på PhD-nivå (doktorgrad). Skulen har også studier for dei som ønskjer å bli statsautorisert revisor, og arrangerer translatør-eksamen.
NHH sin seksjon for etter- og vidareutdanning tilbyr m.a. fleire Executive MBA-studier med ulike spesialiseringar.
Saman med Samfunns- og Næringslivsforskning AS (SNF) og Administrativt Forskningsfond (AFF) utgjer Norges Handelshøyskole det som vert omtalt som NHH-miljøet.
Innhaldsliste |
[endre] Personar i leiinga
- Per Ivar Gjærum - Rektor
- Ragnar Fagereng - Administrerande direktør
[endre] Kjende personar med band til NHH
[endre] Tilsette
- Karl H. Borch
- Finn E. Kydland - Nobelprisvinnar i økonomi 2004, Professor II ved NHH
- Victor D. Norman - Tidlegare statsråd, professor og tidlegare rektor ved NHH
- Agnar Sandmo
[endre] Tidlegare studentar
- Kristin Clemet - Undervisningsminister i Kjell Magne Bondevik si andre regjering
- Kristin Krohn Devold - Forsvarsminister i Kjell Magne Bondevik si andre regjering
- Jan Erik Langangen
- Helge Lund - Direktør i Statoil
- Inge K. Hansen - Aker Kvaerner
- Finn Jebsen - Orkla
- Idar Kreutzer - Storebrand
- Jens Ulltveit Moe - NHO
- Jo Nesbø - Musikar og forfattar
- Thorolf Rafto - Menneskerettsforkjempar
- Knut Vollebæk - Ambassadør i USA
- Svein Aaser - DnB NOR
[endre] Andre
- Kristofer Lehmkuhl - Pådrivar for opprettinga av høgskulen, statsråd i Christian Michelsen si regjering.