Kaliakra
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kaliakra (bulgarsk Калиакра; historiske namn: trakisk: Tirizis, tyrkisk Celigra Burun, italiensk Capo Calacria, rumensk Caliacra)[1] er eit langt og smalt nes i Søndre Dobruja i nordlege område av den bulgarske Svartehavskysten, om lag 12 km aust for Kavarna og 60 km nordaust for Varna. Kysten er bratt med vertikale klipper som stig 70 meter over havet.[2]
Kaliakra er eit naturreservat der ein kan sjå delfinar, skarv og sel. Her ligg òg restane etter festningsmurar, hovudvassrøyr, bad og boligen til despoten Dobrotitsa i det kortvarige fyrstedøme Karvuna.[2] Vika Bolata med ei lita strand ligg like nord for neset.
[endre] Namn og historie
Namnet «Kaliakra» kjem frå Hellas i mellomalderen. Det er ein kombinasjon av καλός («vakker») og άκρα («nes» eller «festning») og vert vanlegvis omsett som «Vakkert nes»[3][2]
Kaliakra var åstad for Slaget ved Kaliakra 11. august 1791 under den russisk-tyrkiske krigen 1787-1792.
Det første moderne fyret på Kaliakra vart bygd i 1866 av Compagnie des Phares de l’Empire Ottomane. Det noverande fyrtårnet (eit ti meter høgt sylindrisk mursteinstårn med lanterne og galleri) vart reist i 1901 med ei brennplanhøgd på 68 meter og eit lysglimt kvart femte sekund. Det har òg ein radionavigasjonssendar og ein tåkelur.[1]
[endre] Segner
Det mest populære segnet frå staden er den om 40 bulgarske jenter, som knytta håret sitt i ein annan og hoppa i Svartehavet for å unngå å bli teke til fange av ottomanarane. Ein obelisk er reist til ære for dette segnet ved inngongen til neset, kalla Porten til dei 40 jomfruene[4]
Eit anna segn fortel soga om St. Nikolas, sjømenna sin skytshelgen, som vart jaga av ottomanarane, medan Gud laga jorda under han lenger og lenger uti havet, slik at han kunne røme, og på denne måten vart neset danna. Helgenen vart til slutt fanga, og i 1993 vart det bygd eit kapell som symbol på grava hans. Eit dervisj kloster skal òg ha vore her under den ottomanske tida, og dette skal visstnok ha bevart levningane til den muslimske Bektashi-helgenen Sarı Saltık.[4]
Ei tredje segn er om Lysimakos, etterfølgjaren etter Aleksander den store, som konfiskerte den kongelege skatten og rømde til Kaliakra. Her omkom han i ein kraftig storm i lag med resten av flåten sin.[5]
[endre] Kjelder
- ↑ 1,0 1,1 Фаровете по българския черноморски бряг Асадуров, Милан
- ↑ 2,0 2,1 2,2 Нос Калиакра (Cape Kaliakra)
- ↑ http://www.meteo-tour-bg.com/index.php?option=content&task=view&id=36&Itemid=68 наименования от българското черноморие - Трифонов, Трифон ISBN 9548991330
- ↑ 4,0 4,1 http://www.bulgariancastles.com/kaliakra/kaliakra_bg.html Българските крепости — Калиакра
- ↑ http://www.standartnews.com/archive/2006/03/06/history/index.htm Цар Лизимах криел съкровища в Калиакра - Димитров, Божидар
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Kaliakra frå Engelsk Wikipedia.