Kinsarvik
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kinsarvik er namnet på ein tettstad, og det har tidlegare vore namnet på ein kommune. Det er også namnet på eit kyrkjesokn i Den norske kyrkja. Alle desse ligg eller låg i Indre Hardanger, i det som no er Ullensvang herad.
Namnet Kinsarvik kjem frå elva Kinso, som renn ut i Hardangerfjorden i Kinsarvik. Kinso kjem av kinn, som tyder bratt fjellside.
Innhaldsliste |
[endre] Tettstaden Kinsarvik
|
Kinsarvik er ein tettstad og heradssenter i Ullensvang herad i indre Hardanger i Hordaland. Staden ligg ved Hardangerfjorden, aust for innlaupet til Sørfjorden, omlag 40 kilometer nord for tettstaden Odda.
Kinsarvik ligg svært sentralt i Hardanger. Kinsarvik har frå naturen si side alle vilkår til å verta ein samlingsstad. Fjordarmane møtest og når skip kom inn fjorden ville det vera naturleg å leggja til i Kinsarvik. Ein av dei lettaste vegane over vidda for dei som kom austfrå og skulle ned til fjorden gjekk ned i Kinsarvik. Kinsarvik ville då vore lagleg som marknadsplass.
[endre] Kaupangen i Kinsarvik
Kaupang kjem frå det norrøne språket og tyder kjøpstad, ein stad der folk møttest til varebyte. Kaupangane låg på ein sentral stad og ofte nær sjøen som var den viktigaste ferdselsvegen på dei tider. Det heiter at Kinsarvik var ein kaupang og samlingsstad for Hardangerbygdene. Kaupangen skal ha vorte øydelagd av ein brann. Når det var gjort utgravingar på almerket foran kyrkja fann ein svært mange bruksgjenstandar frå mellomalderen bl.a. spikrar, ei klebersteinsause, messingnaglar, messigbeslag, delar av ei skålvekt og mykje keramikk. Under torva låg det og trekol og brende steinar.
[endre] Samferdsle
Riksveg 13 går gjennom staden. Frå Kinsarvik er det fergesamband til Utne og Kvanndal. Før Vallaviktunnelen opna i 1985 og saman med ferjesambandet Bruravik-Brimnes tok over det meste av langvegstrafikken var Kinsarvik-Kvanndal det viktigaste ferjesambandet for trafikk som skulle over Hardangerfjorden før eller etter turen over Hardangervidda (Riksveg 7).
[endre] Kinsarvik kommune
Kinsarvik har vore brukt som kommunenamn i to bolkar. I fyrste bolken famna Kinsarvik kommune det som i dag er Ullensvang herad og Odda kommune, med unntak av Røldal. Denne kommunen skifta i 1870 namn til Ullensvang. Andre bolken starta i 1913 då Ullensvang vart delt i tre kommunar, Odda, Ullensvang og Kinsarvik. Grovt skissert omfatta Kinsarvik kommune då landet rundt Utnefjorden og det av landet på austsida av Folgefonnhalvøya som i dag tilhøyrer Ullensvang. Landet i kommunen låg altså på fire sider av Hardangerfjorden, der han deler seg opp i Granvinfjorden, Eidfjorden og Sørfjorden. I 1964 vart Kinsarvik slege saman med Ullensvang att.
[endre] Kyrkjesoknet Kinsarvik

Kinsarvik er eit kyrkjesokn under Ullensvang fellesråd i Ullensvang prestegjeld i Hardanger og Voss prosti i Bjørgvin bispedøme i Den norske kyrkja. Soknet har ei kyrkje, Kinsarvik kyrkje, ei steinkyrkje bygd 1150-1160.
[endre] Slektsnamnet Kinsarvik
Kinsarvik har også vore nytta som slektsnamn, ein kjend berar er treskjeraren og møbelmakaren Lars Kinsarvik. I dag er det berre 7 personar som ber slektsnamnet Kinsarvik i Noreg.
[endre] Kjelder
- Statistisk Sentralbyrå.
- Kinsarvik sokn hjå Kirken.no.
- DIS-Hordaland om Kinsarvik kyrkje.
- Søk i namnedatabasen til SSB.
![]() |
Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han. |
Sjå òg: Oversyn over spirer. |