Koffein
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Koffein (C8H10 N4O2) er eit alkaloid som finst naturleg i eit 60-tals vekster over heile verda, mellom anna kaffibønner, te, kolanøtter, guarana og i mindre mengd i kakaobønner. Koffein kan óg framstillast kjemisk og tilsettast i mange leskedrikkar, slik som cola og Mountain Dew.
[endre] Eigenskapar
Rein koffein er ein luktfri kvit masse med ein karakteristisk bitter smak. Som kjemisk stoff er dei framste eigenskapene stimulering av sentralnervesystemet, respirasjon og hjarterytme. Inntak av koffein medfører farmakologisk toleranse med til dels tydelege abstinenssymptom ved fråhald. Ved inntak av store mengder fungerar koffein som gift.
[endre] Historie
Koffein vart først isolert av den tyske kjemikaren Friedrich Ferdinand Runge i 1819.
[endre] Sjå óg
Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han. | |
Sjå òg: Oversyn over spirer. |