Komet
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ein komet er ein astronomisk lekam som hovudsakleg består av is. I solsystemet har kometar vanlegvis veldig elliptiske omlaupsbanar rundt sola. Når kometen når det innerste av banen vert han synleg fordi sola smeltar av isen og får kometenn til å kaste av ei sky av is og damp (ein komethale) i retning ut frå Sola.
Kometar blir ofte samanlikna med asteroidar. Vitskapmenn meiner at astoidar er utbrente kometar, der sola har fått all isen til å fordampe slik at han ikkje lenger kastar ein hale.