Astronomi
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Astronomi (gresk stjernekunne) er vitskapen om himmelekamene.
Astronomien undersøker planetar, stjerner og andre objekt i universet, altså den samla kosmiske materien, tilstanden hans, korleis han er fordelt, danna, har utvikla seg, og rører på seg. Fysikken har tette band med astronomien. Mange fysiske oppdagingar kjem frå astronomiske observasjonar. Nokre viktige strukturar er solsystem og galakser.
Astronomi er eit av dei få vitskaplege felta der amatørar enda spelar ein aktiv rolle, framfor alt i oppdaging og observering av tilfeldige fenomen som, til dømes, kometar. Astronomi skal ikkje forvekslast med astrologi, som er ein pseudovitenskap der ein prøver å forutsi lagnaden til menneska gjennom å fylgje banane til himmellekamene. Dei to har liknande røttar (studia av himmelen og himmellekamane) men skil seg markant i at astronomane bruker vitskaplege metodar og fakta som kan verifiserast, mens astrologar ikkje gjer det.
Astronomien var ein av dei første empiriske vitenskapane, det vil si ein vitenskap der ein baserar teoriar på observasjon av faktiske hendingar i staden for filosofiske resonnement. Dette leidde til djupe konflikter med den katolske kyrkja, som såg på filosofiske studie av Bibelen som den einaste kjelda til kunnskap, og manga tidlige astronomar som til dømes Galileo Galilei og Nikolaus Kopernikus blei forfølgd og anklaga for kjetteri av kyrkja. Andre tidlige astronomer blei tvinga til å ta tilbake eller tilpasse teoriane sine for at dei skulle passe med kyrkjas verdenbilde.
Innhaldsliste |
[endre] Spesialområde
- Astrometri
- Astrofysikk
- Himmelmekanikk
- Astronautikk
- Stellardynamikk
- Stellarstatistikk
- Solforsking
- Planetologi
- Kosmologi
[endre] Metode
- Teleskop
- Fotometri
- Spektroskopi
- Radioastronomi
[endre] Sjå au
- Astronomiens historie
- Liste over kjente astronomar
- Romfart
- Astronomiske satellittar