Konfusianisme
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Konfusianisme (kinesisk: 儒家) er eit austasiatisk etisk og filosofisk tankesystem, med moralske, sosiale, politiske og religiøse idear. Konfusianismen har hatt vesentleg kulturell innverknad i Kina, Japan, Korea og Vietnam.
Innhaldsliste |
[endre] Innleiing
Konfusianismen har fått sitt namn frå Konfutse, ein kjend læremeister og politisk rådgjevar som levde frå 550 til 479 fvt. Konfutse la vekt på ritar (li), men snarare enn å tolka desse som offerseremoniar for å verta signa av guddommar, såg han på samhandlinga menneske mellom som utslag for mønster for sivilisert og kultivert oppførsel som hadde utvikla seg gjennom generasjonar. Han inkluderte også sosiale reglar i li. Tradisjonsrike ritar var grunnlaget for sivilisasjon, og berre eit sivilisert samfunn kunne ha ein stabil, sameina og varig sosial orden.
[endre] Konfutse
- Hovudartikkel: Konfutse.

Konfutse levde i den såkalla Vår og haust-perioda, ei periode i kinesisk historie då ulike føydalstatar stridde mot kvarandre. Konfutse sin filosofi la vekt på moral, korrekt oppførsel i sosiale samanhangar, rettferd og ærlegdom. Ideane til Konfutse vart fyrst introdusert i Europa av jesuitten Matteo Ricci, som også latiniserte namnet hans til Confucius.
I Analektane, ei av dei fire bøkene i konfusianismen, vert Konfutse si lære samanfatta.
[endre] Konfusiansk tenking
[endre] Li
Ritar, (li, 禮) var originalt knytt til "å ofra" i ein religiøs seremoni, men vart i konfusianismen utvida til også å dekkja sekulære høflegheitsritar og normar. Konfutse ynskte å gjenoppliva reglane for etikette frå tidlegare dynasti, men vart etter sin død også sjølv eit ideal for rituell oppførsel.
[endre] Hsiao
Familiekjærleik, (hsiao, 孝), er rekna for å vera blant dei fremste dygdene i konfusianismen og skal visast ovanfor både levande og døde. Kjærleiken i familien vart gjennom analogiar også utvida til å gjelda i dei fem forholda, mellom:
- far og son (父子),
- herskar og undersått (君臣),
- ektemann og kone (夫婦),
- eldre og yngre bror (兄弟),
- venar imellom (朋友)
Spesifikke plikter vart gjeve til kvar av deltakarane i desse parforholda. Pliktene var også gyldige ovanfor dei avdøde, levande sto i rolla som son ovanfor dei avdøde i rolla som far. Forfedredyrking er vanleg innan konfusianismen.
[endre] Chung
Lojalitet (chung, 忠) er tilsvaret til familiekjærleik på ei anna nivå, mellom statsleiar og minister.
[endre] Rén
Konfutse var oppteken av individuell utvikling, som han meinte tok plass innan menneskelege forhold. Ritar og familiekjærleik er måtar ein skal oppføra seg mot andre ut frå ein grunnleggjande godhet eller human oppførsel (rén, 仁). Den konfusianske forståinga av rén kan illustrerast med den konfusianske, negativt formulerte utgåva av Den Gyldne Regel: Gjer ikkje mot andre det du ikkje ville lika at dei gjorde mot deg.
Rén har også ein politisk dimensjon. Dersom ein herskar manglar rén vil det i typisk konfusiansk forståing vera vanskeleg, om ikkje umogleg, for undersåttane i riket å oppføra seg humant. Ein inhuman herskar risikerer å mista himmelmandatet, retten til å herska. Ein slik herskar treng ein ikkje å lyda.
[endre] Junzi
Junzi (君子) er ein sentral term for klassisk konfusianisme. Omgrepet tyder bokstaveleg son av ein herskar, prins eller adelsmann og representerer idealmennesket, den perfekte gentlemann, som konfusianismen oppmodar alle å streva i retning av. Den perfekte Junzi skulle:
- dyrka fram sin eigen moral
- ta del i riktig utøving av ritar
- visa familiekjærleik og lojalitet, og
- dyrka fram human oppførsel
[endre] Utvikling av konfusianismen etter Konfutse
Tankeskulen grunnlagt av Konfutse vart fyrst vidareført av hans disiplar og av bornebornet Zisi. Seinare vart tankesettet bygd vidare på av Mencius og Xun Zi, to tenkjarar med på mange måtar motsette syn.
Mencius hevda at mennesket var godt, født med ein moralsk sans. Samfunnet sin negative innverknad resulterte i dårleg oppførsel og korrumpert moral. Målet for moralsk kultivering er å returnera til den medfødde moralen. Xun Zi på si side meinte at mennesket var egoistisk og vondskapsfullt, og at naturtilstanden for menneskeleg samfunn er lovløyse, endelaus kirg og kaos. Han såg på moral som ein sosial institusjon og godhet som noko berre kan oppnås gjennom utdanning og oppførsel som passar den posisjonen ein har.
[endre] Neokonfusianisme
Neokonfusianisme er ein term brukt om ein form for konfusianisme som i stor grad vart utvikla under Song-dynastiet, men som kan sporast attende til Han Yu og Li Ao i Tang-perioden. Termen bør ikkje samanblandast med den moderne ny-konfusianismen frå det tjuefyrste hundreåret.
Neokonfusianisme var eit svar på utfordringane frå taoismen og buddhismen. Neokonfusianistar som Zhu Xi utvikla eit meir omfattande metafysisk system, med fellestrekk med både buddhistisk og taoistisk tankegods. I typisk neokonfusianisme vert menneskenaturen sett på som grunnleggjande god, men handling er påkrevd for å gjera li rein. Dei fleste neokonfusianistar avviste ideane og reinkarnasjon og karma.
[endre] Er konfusianismen ein religion?
Til kva grad konfusianismen kan kallast ein religion er omdiskutert. Samstundes som det vert lagt stor vekt på ritual er det i lita grad snakk om gudsdyrking. Blant visdomsorda tilskrive Konfutse finst det dei som i vestlege øyre vil bli oppfatta som agnostiske. Konfusianismen har likevel aspekt av forfedredyrking og av guddomeleggjering av tidlege kineseske statsleiarar — og av Konfutse sjølv — i seg.