Lærar
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ein lærar er ein kunnskapsformidlar. Ein person som er utdanna til å undervise barn og ungdom blir òg kalla ein pedagog.
[endre] Lærargrupper
Lærarar er delte inn i fleire undergrupper, ut frå kva utdanning dei har:
- Førskulelærar: utdanna pedagog retta mot barn frå 3 til 6 år (opp til 10 år med tilleggsutdanning). Minimum 3 års utdanning.
- Ålmennlærar: utdanna pedagog for grunnskulen (1. til 10. klasse) med minst 4 års utdanning.
- Adjunkt: lærer med cand.mag.-grad eller bachelor og pedagogisk utdanning.
- Lektor: lærar med hovudfag eller mastergrad og pedagogisk utdanning.
- Rektor: skuleleiar.
[endre] Lærarutdanning
Lærarutdanninga kan òg delast i ulike undergrupper som siktar inn mot ulike lærargrupper:
- Førskulelærarutdanning på tre år.
- Ålmennlærarutdanning på fire år.
- Yrkesfaglærarutdanning på tre år.
- Praktisk-pedagogisk utdanning på eitt år, nytta som påbyggingsstudium til bachelorgrad eller mastergrad.
- Integrert mastergrad (femårig).
Dei to sistnemnde utdanningane vert gjevne ved universitet, medan dei tre fyrstnemnde vert gjevne ved høgskular. Det er laga nasjonale rammeplanar for dei ulike lærarutdanningane der det er fastsett studiepoengskrav i høve fag, fagdidaktikk, pedagogikk og praksis.
[endre] Historikk
Dei fyrste lærarutdanningskursa for allmugeskulen vart starta på slutten av 1700-talet. Desse var drive i privat regi og det same var mange av lærarskulane som kom til i siste halvdel av 1800-talet. Den fyrste offentlege lærarskulen vart oppretta i 1826 i Trondenes.
Dei to-årige stiftsseminara bygde på allmugeskulen, og var nytta som lærarutdanning 1800-talet.
I 1890 vart lærarutdanninga for fyrste gong regulert gjennom ei eiga lov.
Lengda på lærarutdanninga vart i 1902 regulert til tre-årig, lærerskolelovene av 1930 og 1938 vart utdanninga fire-årig med ei to-årig studentlinje. Med lærarutdanningslova av 1973 vart ålmennlærarutdanninga fire-årig, og frå 1992 igjen 4-årig.
Ved universiteta vart den praktiske pedagogiske utdanninga (for å verte adjunkt eller lektor) i 1991 utvida frå eit halvt år til eitt år.