Levanger
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Våpen | Kart |
---|---|
![]() |
![]() |
Grunnleggjande opplysningar | |
Kommunenr: | 1719 |
Fylke: | Nord-Trøndelag |
Administrasjonssenter: | Levanger |
Flatevidd: | 656 km² |
Folketal: | 18 173 (2007) |
Målform: | Nøytral |
Internettside: | www.levanger.kommune.no |
Politikk | |
Ordførar: | Odd-Eiliv B. Thraning (Ap) 2003-2007 |
Levanger er ein by og ein kommune i Nord-Trøndelag. Han grensar i nordaust mot Verdal, i sør mot Stjørdal og i sørvest mot Frosta. Over Trondheimsfjorden ligg kommunane Mosvik og Inderøy. Det som i dag er Levanger kommune er eit resultat av kommunesamanslåingsprosessen i 1962 og 1964, og var tidlegare kommunane Levanger, Skogn, Frol, Åsen og Ytterøy.
Byen Levanger ligg ved Trondheimsfjorden. Han har hatt bystatus to gonger, fyrst frå 1836 og fram til kommunesamanslåinga i 1962, deretter fekk han igjen bystatus i 1997. Hovudnæringar i kommunen er jordbruk med sine 120 km² med jordbruksareal, industri og offentleg verksemd.
Innhaldsliste |
[endre] Næringsliv
Det finst spor av handel i Levanger-området heilt frå jarnalderen. Byen ligg sentralt, med tilgang til sjøen, veg og jarnbane til Jamtland i Sverige og Trondheim i sør.
Den viktigaste industriverksemda i Levanger kommune er Norske Skogs papirfabrikk som sysselset om lag 650 årsverk på tettstaden Skogn. Gjennom 1990-talet har det vori freistnader på å byggje eit gasskraftverk i tilknytting til papirfabrikken, noko som vart godkjent av Stortinget. Planane er igjen aktuelle etter at gassrøyrleidning inn Trondheimsfjorden ser ut til å koma på plass (2005).
Sjukehuset Levanger har om lag 1000 årsverk, og er såleis den største einskildverksemda i fylket.
[endre] Kjende personar frå Levanger
- Marit Breivik, landslagstrenar i handball for kvinner
- Erling Folkvord, politikar for Raud Valallianse
- Knut Knudsen, syklist
- Andreas Lunnan, programmedarbeidar i NRK
- Paul Okkenhaug (1908–1975), komponist
[endre] Sjå òg
- Marsimartnan
- Høgskolen i Nord-Trøndelag
[endre] Eksterne lenkjer
- Kommunefakta (Nord-Trøndelag) - frå Statistisk sentralbyrå
- Levanger kommune sine heimesider
- Levanger bibliotek sine heimesider
- Levanger-Avisa sine heimesider
- Levanger Historielag sine heimesider
- Helse Nord-Trøndelag sine heimesider
|