Maltesisk språk
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Maltesisk (Malti) |
||
Klassifisering: | Afroasiatisk Semittisk |
|
Bruk | ||
Tala i: | Malta | |
Område: | Malta | |
Maltesisktalande i alt: | 400000 | |
Rangering: | Ikkje topp-100 | |
Skriftsystem: | det latinske alfabetet | |
Offisiell status | ||
Offisielt språk i: | Maltesisk | |
Normert av: | - | |
Språkkodar | ||
ISO 639-1: | mt | |
ISO 639-2: | mlt | |
SIL | MTL |
Maltesisk er offisielt språk på Malta, og offisielt språk i EU. Det er ein tidlegare arabisk dialekt, men i løpet av historia si har det teke opp mange lånord og fonologiske trekk frå sørlege italienske dialektar, særleg frå sisiliansk, og frå engelsk. Maltesisk er det einaste semittiske språket som blir skrive med det latinske alfabetet.
Maltesisk fekk status som offisielt språk på Malta i 1936, attmed engelsk. Før det var det offisielle språket italiensk.
Det eldste dokumentet på maltetisk er "Il Cantilena", eit dikt frå 1400-talet.
Innhaldsliste |
[endre] Grammatikk
Maltesisk er eit arabisk språk, noko som kjem godt fram i grammatikken. Adjektiva kjem etter substantiva i nominalfrasen, det er ikkje eigne adverb, og ordstillinga er relativt fri. Som i arabisk og hebraisk, tar substantiva og adjektiva determinativ, t.d. L-Art l-Imqaddsa, bokst. "det land det heilag = Det heilage landet"; jf. arabisk Al-Ardh al-Muqaddasa). Denne regelen gjeld ikkje for substantiv og adjektiv lånt frå sisiliansk.
[endre] Morfologi
[endre] Substantiv
Substantiv blir bøygd i eintal, total og fleirtal. Verb blir bøygd som i andre semittiske språk, der vokalane endrar seg, men ein stamme på tre konsonantar er konstant, jf. ktibna, arabisk katabna, hebraisk katavnu "vi skreiv"). Lånord frå sisiliansk blir handsama på ein annan måte, med prefiks og suffiks, t.d. iddeċidejna "vi bestemte" < (i)ddeċieda 'verbstamme' + -ejna 'første person plural perfektum').
Dette speglar eit generelt trekk i maltesisk grammatikk: Det er to parallelle grammatiske mønster, eit med semittisk indre bøying for det semittiske ordforrådet, og eitt med suffiksering og perifrastiske konstruksjonar for det ikkjesemittiske ordforrådet.
Romanske lånord uttrykker fleirtal med hjelp av suffiks, -i eller -jiet (for eksempel lingwa, lingwi "språk"; arti, artijiet "kunst"). Fleirtal av semittiske ord, derimot, kan uttrykke fleirtal med suffiksering eller med indre bøying. Regelmessige substantiv får suffikset -iet/-ijiet (jf. arabisk -at og hebraisk -ot) eller -in (arabisk -een, hebraisk -im). Viss dei er uregelrette, blir dei bøygd med intern vokalendring: ktieb, kotba "bøker", raġel, irġiel "menn".
[endre] Verb
Maltesiske verb blir bøygd i eintal, total og fleirtal. Delar av verbbøyinga er av semittisk type, med ei rot som består av ei konstant konsonantrekke og med vokalvekslingar mellom desse.
[endre] Ordforråd
Grunnordforrådet er semittisk, men det er mange lånord frå sisiliansk, særleg innafor kulturordforrådet. Ord som raġel mann, mara kvinne, tifel barn, dar hus, xemx sol, sajf sommer, er semittiske, mens ord som skola skole, gvern regjering, repubblika republikk, re konge, natura natur, pulizija politi, ċentru senter, teatru teater, differenza skilnad, er lånt frå sisiliansk. Omtrent halvparten av ordforrådet er semittisk, resten er sisiliansk.
Det finst også ein del engelske lånord, som strajk streik, daljali ringe.
[endre] Fonologi
Her kjem det maltesiske alfabetet, med IPA -symbol og norske døme:
Bokstav | IPA | Uttale |
---|---|---|
A | a | som norsk a |
B | b | som norsk b, men i slutten av ord som p. |
Ċ | tʃ | som i engelsk church |
D | d | som norsk d, men i slutten av ord som t. |
E | ɛ | som norsk e |
F | f | som norsk f |
Ġ | dʒ | som engelsk jump |
G | g | som norsk g, men i slutten av ord som k. |
GĦ | Denne bokstaven gjer vokalen som står attmed lang og faryngalisert, bortsett frå når det kjem ein 'h' etterpå, då blir han uttalt som lang 'ħ' | |
H | ikkje uttalt, bortsett frå i slutten av ord, då det blir uttalt som 'ħ'. | |
Ħ | ħ | som tysk "ch" i 'Bach'. |
I | i | som norsk i |
IE | iɛ, iː | som norsk lang ee |
J | j | som norsk j |
K | k | som norsk k |
L | l | som norsk l |
M | m | m |
N | n | som norsk n |
O | o | som norsk (kort) å, t.d. i godt |
P | p | som norsk p |
Q | ʔ | glottal stop, som i Cockney-engelsk "bottle". |
R | r | som norsk r. |
S | s | som norsk s |
T | t | som norsk t |
U | u | som i norsk tung. |
V | v | som norsk v, men i slutten av ord som f. |
W | w | som i engelsk west |
X | ʃ | som norsk sj i sjokolade |
Z | ts | som norsk ts i vits, men i nokre lånord som dz. |
Ż | z | stemt s, som i engelsk maze, men i sluttenav ord som s. |
[endre] Eksterne lenkjer
- Open source spellchecker (aspell/ispell)
- Online version of above
- Tom Edgar's Maltese language page
- Maltese verbal morphology
Semittiske språk |
Austsemittisk: akkadisk |
Nordvestsemittisk: ugarittisk | hebraisk | arameisk | arabisk | maltesisk |
Sørsemittisk: ge'ez | amharisk | tigrinya | tigré | gurage | harari |