Montevideo
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Montevideo er hovudstaden i Uruguay og den klart største byen med om lag 1,35 millionar innbyggjarar. Byen ligg ved munninga av Rio de la Plata og er ei vikitg hamn. Han er utfartsstad for fiske i Atlanterhavet og har fleire fiskefabrikkar.
[endre] Historie
Montevideo blei grunnlagd 24. desember 1726 av spanske kolonistyresmakter for å hindra portugisisk innflytting i i området. Det opphavlege namnet på byen var San Felipe y Santiago de Montevideo. Byen har eit universitet som blei grunnlagd i 1849.
Frå 1800-talet til 1900-talet var byen under sterk britisk påverknad for å motverka argentinsk og brasiliansk kontroll. Britane utvikla mellom anna eit omfattande jarnbanenettverk i området rundt. Den argentinske diktatoren Juan Manuel de Rosas beleira byen fleire gonger mellom 1838 og 1851.
Montevideo var ei nøytral hamn under den andre verdskrigen.