Det britiske imperiet
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Det britiske imperiet er ei nemning på det britiske koloniveldet. Den engelske nemninga er «The British Empire». Nemninga 'imperiet' kjem av at dronning Victoria av Storbritannia fekk tittelen 'keisarinne av India'. Kong Georg VI av Storbritannia var den siste av dei britiske monarkane som titulerte seg 'keisar av India'.
Imperiet har prega verda ved å gjera engelsk til eit internasjonalt språk, og til offisielt språk i mellom anna Eire (okkupert av Oliver Cromwell i 1649) Australia, USA, Canada, India og fleire land i Afrika og Karibia.
Innhaldsliste |
[endre] Utbreiing
På høgda i 1921 var desse statane med i imperiet:
[endre] Afrika
- Bechuanaland (no Botswana)
- Britisk Togoland
- Kamerun
- Gullkysten (Gold Coast, no Ghana)
- Egypt
- Kenya
- Mauritius
- Nigeria
- Nord-Rhodesia (no Zambia)
- Nyasaland (no Malawi)
- Sierra Leone
- Somaliland
- Sør-Afrika med Lesotho
- Sør-Rhodesia (no Zimbabwe)
- Swaziland
- Sudan
- Tanganyika (no Tanzania)
- Uganda
[endre] Amerika og Atlanterhavet
- Ascension Island
- Britisk Guiana (no Guyana)
- Britisk Honduras (no Belize)
- Canada
- Falklandsøyane (Los Malvinas)
- Newfoundland og Labrador
- Britisk Vest-India
- Saint Helena
- Tristan da Cunha
- Sør-Georgia
[endre] Antarktis
- Det britiske territoriet i Antarktis
[endre] Asia
- Aden (no del av Yemen)
- Bhutan
- Britisk Ny-Guinea (sørleg del av noverande Papua Ny-Guinea)
- Brunei
- Burma (no Myanmar)
- Ceylon (no Sri Lanka)
- Hong Kong (no administert av Folkerepublikken Kina)
- Britisk India (no India, Pakistan og Bangladesh)
- Irak
- Kuwait
- Malaya (no ein del av Malaysia)
- Maldivane
- Palestina (no Israel og dei okkuperte områda)
- Nepal
- Nord-Borneo (no Sabah, del av Malaysia)
- Oman
- Qatar
- Sarawak (no del av Malaysia)
- Singapore
- Transjordan (no Jordan)
- Trucial States ('Avtaleestatane') (no Dei sameinte arabiske emirata)
- Wei-Hai-Wei (威海衞) (no byen Weihai i Shandong provinsen i Kina)
[endre] Europa
[endre] Stillehavet
- Australia
- Elliceøyane (no Tuvalu)
- Fiji
- Gilbertøyane (no del av Kiribati)
- Nauru
- New Zealand
- Pitcairn
- Solomonøyane
- Tonga
[endre] Landområde som gjekk ut av imperiet før 1921
- Tretten amerikanske koloniar, som seinare blei til United States of America eller USA
- Delaware
- Maryland
- New Jersey
- Virginia, seinare Virginia og West Virginia
- Massachusetts, seinare Massachusetts og Maine
- New York, seinare New York og Vermont
- New Hampshire
- Rhode Island
- Georgia
- North Carolina
- Roanoke, seinare del av North Carolina
- South Carolina
- Connecticut
- Pennsylvania
- Territorium mellom dei tretten koloniane og Mississippielva, som fleire koloniar gjorde krav på og som no er Alabama, Mississippi, Tennessee, Kentucky, Ohio, Illinois, Indiana, Michigan og delar av Wisconsin og Louisiana.
- Mellomalderske territorium i Frankrike.
- Helgoland, teke av Storbritannia i 1807 og overgjeve til Tyskland in 1890.
- Hannover, frå George 1 kom til makta den 1. august 1714 ti William IV døydde 20. juni 1837.
- Florida, til Spania, seinare til USA.
- Ein del av Oregon Country (som både USA, Spania og Russland gjorde krav på), til USA.
- Hawaii (Sandwich-øyane) overgjeve til Storbritannia den 25. februar 1843; fekk sjølvstende den 28. november 1843; annekterte av USA den 7. juli 1898.
- Dei joniske øyane vart vunne av Storbritannia i 1809 og overgjevne til Hellas i 1864.
- Menorca var vunne av Storbritannia i 1708 og formelt overgjeve til Spania i 1802.
- Mosquito Coast var eit britisk protektorat frå 1655 til 1850.
[endre] Gjenverande oversjøiske territorium
I dag er berre nokre få område igjen under britisk styre, som regel fordi dei rekner seg som for små eller fattige til å vera sjølvstendige statar. Dei siste oversjøiske territoria er:
[endre] Oversjøiske territorium med høg grad av sjølvstyre
- Anguilla
- Bermuda
- Dei britiske Jomfruøyane
- Caymanøyane
- Gibraltar
- Montserrat
- Turks- og Caicosøyane
[endre] Andre oversjøiske territorium
- Det britiske territoriet i Antarktis
- Det britiske territoriet i det indiske havet
- British Indian Ocean Territory
- Falklandsøyane
- Pitcairn
- Saint Helena (inkludert Ascension og Tristan da Cunha)
- Sør-Georgia og Sørsandwichøyane
- Akrotiri og Dhekelia
[endre] Crown Dependencies i dei britiske øyane
Desse landa er ikkje med i EU og har ikkje innverknad på den britiske utanrikspolitkken.
[endre] Sjå òg
[endre] På Verdsveven
- Informasjon om imperiet (engelsk)
- Om britisk kolonialisme i Afrika (engelsk)