Static Wikipedia February 2008 (no images)

aa - ab - af - ak - als - am - an - ang - ar - arc - as - ast - av - ay - az - ba - bar - bat_smg - bcl - be - be_x_old - bg - bh - bi - bm - bn - bo - bpy - br - bs - bug - bxr - ca - cbk_zam - cdo - ce - ceb - ch - cho - chr - chy - co - cr - crh - cs - csb - cu - cv - cy - da - de - diq - dsb - dv - dz - ee - el - eml - en - eo - es - et - eu - ext - fa - ff - fi - fiu_vro - fj - fo - fr - frp - fur - fy - ga - gan - gd - gl - glk - gn - got - gu - gv - ha - hak - haw - he - hi - hif - ho - hr - hsb - ht - hu - hy - hz - ia - id - ie - ig - ii - ik - ilo - io - is - it - iu - ja - jbo - jv - ka - kaa - kab - kg - ki - kj - kk - kl - km - kn - ko - kr - ks - ksh - ku - kv - kw - ky - la - lad - lb - lbe - lg - li - lij - lmo - ln - lo - lt - lv - map_bms - mdf - mg - mh - mi - mk - ml - mn - mo - mr - mt - mus - my - myv - mzn - na - nah - nap - nds - nds_nl - ne - new - ng - nl - nn - no - nov - nrm - nv - ny - oc - om - or - os - pa - pag - pam - pap - pdc - pi - pih - pl - pms - ps - pt - qu - quality - rm - rmy - rn - ro - roa_rup - roa_tara - ru - rw - sa - sah - sc - scn - sco - sd - se - sg - sh - si - simple - sk - sl - sm - sn - so - sr - srn - ss - st - stq - su - sv - sw - szl - ta - te - tet - tg - th - ti - tk - tl - tlh - tn - to - tpi - tr - ts - tt - tum - tw - ty - udm - ug - uk - ur - uz - ve - vec - vi - vls - vo - wa - war - wo - wuu - xal - xh - yi - yo - za - zea - zh - zh_classical - zh_min_nan - zh_yue - zu

Web Analytics
Cookie Policy Terms and Conditions Music from the Film More - Wikipedia

Music from the Film More

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Music from the Film More
Filmmusikk av Pink Floyd
Utgjeve 27. juli 1969
Innspelt Mars 1969
Sjanger Progressiv rock
Lengd 44:56
Selskap Columbia/EMI, EMI Storbritannia
Harvest, Capitol, USA
Produsent Pink FLoyd
Pink Floyd-kronologi
A Saucerful of Secrets
(1968)
Music from the Film More Ummagumma
(1969)

Music from the Film More (ofte berre kalla More) er Pink Floyd sitt første album tilknytta ein film. Filmen More var regissert av Barbet Schroeder, og her kan ein høyre to songar som ikkje er med på albumet: «Seabirds» og «Hollywood». Alle songane på albumet er faktisk spelt inn på ny, og er ofte heilt forskjellig frå versjonane ein kan høyre i filmen. More inneheld for det meste akustiske viser, ein uvanleg sjanger for Pink Floyd. Bandet bruker berre dei elektroniske effektane dei var så kjende for på dei lengre instrumentalane som «Quicksilver» og «Main Theme». Elles heller dei mot vokalharmoniar og melodisk progressjon, slik som akkordprogressjonen i «Cirrus Minor» eller D dim-akkorden i «The Crying Song»

Dette er det første Pink Floyd-albumet utan Syd Barrett, som var frontmann før han vart kasta ut av bandet tidleg i 1968 under innspelinga av det førre albumet deira A Saucerful of Secrets. Det er òg det første Pink Floyd-albumet som er produsert av bandet utan hjelp frå Norman Smith.

Music from the Film More nådde 9. plass i Storbritannia, og 153. plass i USA då den kom ut på ny i 1973. I 1987 kom albumet ut på CD, og i 1995 kom det ein ny versjon med betre digital lyd.

Innhaldsliste

[endre] Innhald

  1. «Cirrus Minor» (Roger Waters) – 5:18
  2. «The Nile Song» (Roger Waters) - 3:26
  3. «The Crying Song» (Roger Waters) - 3:33
  4. «Up the Khyber» (Mason, Wright) - 2:12
    • Instrumental
  5. «Green Is the Colour» (Roger Waters) - 2:58
  6. «Cymbaline» (Roger Waters) - 4:50
  7. «Party Sequence» (Waters, Wright, Gilmour, Mason) - 1:07
    • Instrumental
  8. «Main Theme» (Waters, Wright, Gilmour, Mason) - 5:28
    • Instrumental
  9. «Ibiza Bar» (Waters, Wright, Gilmour, Mason) - 3:19
  10. «More Blues» (Waters, Wright, Gilmour, Mason) - 2:12
    • Instrumental
  11. «Quicksilver» (Waters, Wright, Gilmour, Mason) - 7:13
    • Instrumental
  12. «A Spanish Piece» (Gilmour) - 1:05
  13. «Dramatic Theme» (Waters, Wright, Gilmour) - 2:15
    • Instrumental

[endre] Medverkande

med

[endre] Songar

[endre] Cirrus Minor

Opningssporet er skrive av Roger Waters og David Gilmour, og er ein roleg ballade med akustisk gitar og orgel. Songen opnar med fuglelydar og glir etter kvart inn i første vers. Det er ingen trommer på songen, som har ein noko uvanleg akkordsekvens: Em, Eb aug, G, C#m7, C7, Cm7 og H7. Mot slutten av songen er det ein lang og roleg orgelsolo, som i stil liknar ein del på «Celestial Voices»-partiet frå songen A Saucerful of Secrets.

[endre] The Nile Song

Dette er ein av få Pink Floyd-songar som nærmar seg hardrock, i lag med blandt anna «Young Lust» frå The Wall. Songen er skrive av Roger Waters, og er ein av få Pink Floyd-songar som ikkje inneheld tangentinstrument. Sporet «Ibiza Bar», som òg finns på albumet, er nesten ein reprise av denne songen. Enkelte folk har til og med kalla songen ein av dei aller første heavy metal-songane, og han har mange element frå denne sjangeren, som skrikande vokal, drivande trommer og riff, i tillegg til ein ekstra snert. Songen vart gjeve ut som singel i Europa med «Ibiza Bar» som b-side, men ikkje i heimlandet Storbritannia, og kom òg ut på samlealbumet Relics.

[endre] The Crying Song

Songen er ein roleg ballade med draumande vokal av David Gilmour. Songen er nesten som ei vanleg vise, bortsett frå den andre akkorden, som er ein D dur med ein forminska kvint. Ein forminska kvint vert kalla ein blåtone i jazz, og vert mykje brukt i raske soloar eller i seine jazzballadar. I denne samanhengen gjev akkorden derimot ei disharmonisk kjensle, varer ein heilt takt og skapar ein draumeaktig og surrealistisk atmosfære. Songen startar med vibrafon spelt av Rick Wright. David Gilmour spelar akustisk gitar som følgjer vokalmelodien.

Songen vart aldri spela på konsertar.

[endre] Up the Khyber

Songen er skrive av Nick Mason og Richard Wright, og er i praksis ein trommesolo med hektisk pianospeling og uvanlege lydeffektar. Songen vart spela på konsertar i samband med konseptet The Man and the Journey i ei litt anna form, der han hadde namnet «Work».

[endre] Green is the Colour

Songen er nok ei roleg vise, som det er fleire av på More. Songen byrjar med akustisk gitar, bass og etnisk fløytespel før første vers, og etter kvart kjem pianoet til Wright inn. Songen inneheld ikkje trommer. Han vart spelt mykje på konsertar i perioden 1969-1971, og ofte som songen før «Careful with That Axe, Eugene».

[endre] Cymbaline

Songen omhandlar eit mareritt, og vart kalla «Nightmare» då songen vart spela på konsertar i samband med konseptet The Man and the Journey. På filmversjonen av songen er det Waters og ikkje Gilmour som syng songen. Teksten i filmversjonen er òg flytta litt om på.

Songen har eit enkelt arrangement med akustisk gitar, bass, piano, trommer, bongotrommer og Farfisaorgel. Orgelet kjem først inn under Gilmour sin scatsolo. Songen vart mykje spelt på konsertar frå 1969 til 1971. Her måtte Wright stort sett spele songen på orgel, sidan dei sjeldan hadde piano med seg. Gilmour spelte som regel elektrisk gitar, og hadde ofte ein solo over scatsoloen. I det som er slutten av albumversjonen endra dei skala frå Em til Hm på konsertane, og etter denne endringa presenterte bandet marerittet med ei rekkje lydeffektar (som skritt, knirkande dører, eksplosjonar med meir). Desse lydane vart presentert ved hjelp av ein såkalla Azimuth co-ordinator, den første versjonen av eit kringlydsystem, og på den måten vart publikum omringa av lydane.

[endre] Party Sequence

Dette sporet er ein kort instrumental med stort sett berre bongo- og congatrommer i lag med etnisk fløytespel.

[endre] Main Theme

Denne instrumentalen har visse likskapstrekk med songen A Saucerful of Secrets, både med dei djupe cymbalane i introen og orgelspelet som kjem inn kort etter. Etter kvart glir derimot dette over i ein meir strukturert song med ei basslinje som kan likne ein sakte versjon av «Let There Be More Light» frå A Saucerful of Secrets. I lag med «Cymbaline» er kanskje denne songen meir typisk for Pink Floyd på denne tida enn resten av albumet.

[endre] Ibiza Bar

Songen er svært lik «The Nile Song», men i motsetnad til denne inneheld songen orgel av Rick Wright. Begge desse songane nærmar seg tidleg heavy metal, og «Ibiza Bar» var òg brukt som b-side til singelutgåava av «The Nile Song».

[endre] More Blues

Songen høyres i utgangspunktet ut som ein vanleg bluessong, og startar med bass, gitar og orgel. Etter kvart kjem trommene inn, men spelar berre ein takt og to før dei stoppar opp igjen. Slik held det fram gjennom store delar songen der trommene startar og stoppar.

[endre] Quicksilver

Songen inneheld stort sett berre skumle lydeffektar og andre konkret musikk-teknikkar, som seinare vart eit kjennemerke for bandet. Instrumentalen er det lengste sporet på albumet med litt over 7 minutt, men vart spelt i ei kortare form på konsertar, og som ein del av konseptet The Man and the Journey, der den hadde namnet «Sleep».

[endre] A Spanish Piece

Dette er ein kort liten song med spanskklingande gitar av Gilmour, i tillegg til tale av Gilmour med spansk aksent.

[endre] Dramatic Theme

Den siste songen på albumet er ein instrumental, som i stil minnar om både «Main Theme» og songen «A Saucerful of Secrets».


Pink Floyd
Syd Barrett | David Gilmour | Nick Mason | Roger Waters | Richard Wright
Diskografi
Studioalbum: The Piper at the Gates of Dawn (1967) | A Saucerful of Secrets (1968) | Ummagumma (1969) | Atom Heart Mother (1970) | Meddle (1971) | The Dark Side of the Moon (1973) | Wish You Were Here (1975) | Animals (1977) | The Wall (1979) | The Final Cut (1983) | A Momentary Lapse of Reason (1987) | The Division Bell (1994)
Filmmusikk: Tonite Let’s All Make Love in London (1968) | More (1969) | Zabriskie Point (1970) | Obscured by Clouds (1972)
Konsertalbum: Ummagumma (1969) | Delicate Sound of Thunder (1988) | P*U*L*S*E (1995) | Is There Anybody Out There? The Wall Live 1980-81 (2000)
Samlealbum: Relics (1971) | A Nice Pair (1973) | Masters of Rock (1974) | A Collection of Great Dance Songs (1981) | Works (1983) | Shine On (The Early Singles) (1992) 1967 Singles Sampler (1997) | Echoes (2001)
Filmar
Live at Pompeii | The Wall | Delicate Sound of Thunder | La Carrera Panamericana | London ’66-’67 | P*U*L*S*E
Tilknytta artikklar
Bob Klose | Alan Parsons | Dick Parry | Storm Thorgerson/Hipgnosis | Steve O’Rourke | Konsertar | Publius Enigma | The Man and the Journey
Static Wikipedia 2008 (no images)

aa - ab - af - ak - als - am - an - ang - ar - arc - as - ast - av - ay - az - ba - bar - bat_smg - bcl - be - be_x_old - bg - bh - bi - bm - bn - bo - bpy - br - bs - bug - bxr - ca - cbk_zam - cdo - ce - ceb - ch - cho - chr - chy - co - cr - crh - cs - csb - cu - cv - cy - da - de - diq - dsb - dv - dz - ee - el - eml - en - eo - es - et - eu - ext - fa - ff - fi - fiu_vro - fj - fo - fr - frp - fur - fy - ga - gan - gd - gl - glk - gn - got - gu - gv - ha - hak - haw - he - hi - hif - ho - hr - hsb - ht - hu - hy - hz - ia - id - ie - ig - ii - ik - ilo - io - is - it - iu - ja - jbo - jv - ka - kaa - kab - kg - ki - kj - kk - kl - km - kn - ko - kr - ks - ksh - ku - kv - kw - ky - la - lad - lb - lbe - lg - li - lij - lmo - ln - lo - lt - lv - map_bms - mdf - mg - mh - mi - mk - ml - mn - mo - mr - mt - mus - my - myv - mzn - na - nah - nap - nds - nds_nl - ne - new - ng - nl - nn - no - nov - nrm - nv - ny - oc - om - or - os - pa - pag - pam - pap - pdc - pi - pih - pl - pms - ps - pt - qu - quality - rm - rmy - rn - ro - roa_rup - roa_tara - ru - rw - sa - sah - sc - scn - sco - sd - se - sg - sh - si - simple - sk - sl - sm - sn - so - sr - srn - ss - st - stq - su - sv - sw - szl - ta - te - tet - tg - th - ti - tk - tl - tlh - tn - to - tpi - tr - ts - tt - tum - tw - ty - udm - ug - uk - ur - uz - ve - vec - vi - vls - vo - wa - war - wo - wuu - xal - xh - yi - yo - za - zea - zh - zh_classical - zh_min_nan - zh_yue - zu -

Static Wikipedia 2007 (no images)

aa - ab - af - ak - als - am - an - ang - ar - arc - as - ast - av - ay - az - ba - bar - bat_smg - bcl - be - be_x_old - bg - bh - bi - bm - bn - bo - bpy - br - bs - bug - bxr - ca - cbk_zam - cdo - ce - ceb - ch - cho - chr - chy - co - cr - crh - cs - csb - cu - cv - cy - da - de - diq - dsb - dv - dz - ee - el - eml - en - eo - es - et - eu - ext - fa - ff - fi - fiu_vro - fj - fo - fr - frp - fur - fy - ga - gan - gd - gl - glk - gn - got - gu - gv - ha - hak - haw - he - hi - hif - ho - hr - hsb - ht - hu - hy - hz - ia - id - ie - ig - ii - ik - ilo - io - is - it - iu - ja - jbo - jv - ka - kaa - kab - kg - ki - kj - kk - kl - km - kn - ko - kr - ks - ksh - ku - kv - kw - ky - la - lad - lb - lbe - lg - li - lij - lmo - ln - lo - lt - lv - map_bms - mdf - mg - mh - mi - mk - ml - mn - mo - mr - mt - mus - my - myv - mzn - na - nah - nap - nds - nds_nl - ne - new - ng - nl - nn - no - nov - nrm - nv - ny - oc - om - or - os - pa - pag - pam - pap - pdc - pi - pih - pl - pms - ps - pt - qu - quality - rm - rmy - rn - ro - roa_rup - roa_tara - ru - rw - sa - sah - sc - scn - sco - sd - se - sg - sh - si - simple - sk - sl - sm - sn - so - sr - srn - ss - st - stq - su - sv - sw - szl - ta - te - tet - tg - th - ti - tk - tl - tlh - tn - to - tpi - tr - ts - tt - tum - tw - ty - udm - ug - uk - ur - uz - ve - vec - vi - vls - vo - wa - war - wo - wuu - xal - xh - yi - yo - za - zea - zh - zh_classical - zh_min_nan - zh_yue - zu -

Static Wikipedia 2006 (no images)

aa - ab - af - ak - als - am - an - ang - ar - arc - as - ast - av - ay - az - ba - bar - bat_smg - bcl - be - be_x_old - bg - bh - bi - bm - bn - bo - bpy - br - bs - bug - bxr - ca - cbk_zam - cdo - ce - ceb - ch - cho - chr - chy - co - cr - crh - cs - csb - cu - cv - cy - da - de - diq - dsb - dv - dz - ee - el - eml - eo - es - et - eu - ext - fa - ff - fi - fiu_vro - fj - fo - fr - frp - fur - fy - ga - gan - gd - gl - glk - gn - got - gu - gv - ha - hak - haw - he - hi - hif - ho - hr - hsb - ht - hu - hy - hz - ia - id - ie - ig - ii - ik - ilo - io - is - it - iu - ja - jbo - jv - ka - kaa - kab - kg - ki - kj - kk - kl - km - kn - ko - kr - ks - ksh - ku - kv - kw - ky - la - lad - lb - lbe - lg - li - lij - lmo - ln - lo - lt - lv - map_bms - mdf - mg - mh - mi - mk - ml - mn - mo - mr - mt - mus - my - myv - mzn - na - nah - nap - nds - nds_nl - ne - new - ng - nl - nn - no - nov - nrm - nv - ny - oc - om - or - os - pa - pag - pam - pap - pdc - pi - pih - pl - pms - ps - pt - qu - quality - rm - rmy - rn - ro - roa_rup - roa_tara - ru - rw - sa - sah - sc - scn - sco - sd - se - sg - sh - si - simple - sk - sl - sm - sn - so - sr - srn - ss - st - stq - su - sv - sw - szl - ta - te - tet - tg - th - ti - tk - tl - tlh - tn - to - tpi - tr - ts - tt - tum - tw - ty - udm - ug - uk - ur - uz - ve - vec - vi - vls - vo - wa - war - wo - wuu - xal - xh - yi - yo - za - zea - zh - zh_classical - zh_min_nan - zh_yue - zu