Steve O’Rourke
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Steve O'Rourke (1. oktober 1940–30. oktober 2003) vart fødd i Willesden i London i England. Han er mest kjend som manager for den britiske musikkgruppa Pink Floyd etter at Syd Barrett forsvann frå bandet i 1968. Denne rolla hadde han heilt til han døydde i 2003.
Han byrja å styre Pink Floyd medan har arbeida i Bryan Morrison Agency, så NEMS Enterprises. Seinare grunnla han sitt eige selskap, EMKA Productions, kalla opp etter sine to første døtre Emma og Katheryne.
O'Rourke hadde òg ei parallell karriere som motorsportsutøvar og hadde sitt eige selskap kalla EMKA Racing. Hovudsakleg deltok han i såkalla «gentlemansbilløp», ei interesse han delte med Pink Floyd-trommis Nick Mason og, til ei viss grad, David Gilmour. Han likte spesielt historiske løp med bilar frå 1950- til 1970-talet. I 1979 gjennomførte han 24-timarsløpet Le Mans på ein 12. plass med ein Ferrari 512 BB, medan han i 1998 kom på ein respektabel fjerdeplass med ein McLaren F1. Han deltok i mange billøp, deriblant La Carrera Panamericana i 1991 som David Gilmour sin kartlesar. Gilmour og O'Rourke kræsja derimot, og O'Rourke brakk eit bein. Billøpet vart filma og gjeve ut på video med musikk av Pink Floyd.
O'Rourke fekk slag og døydde i Miami i Florida i 2003. Gravferda hans vart halde den 14. november 2003 i Chichester Cathedral i Sussex i England, der dei tre Pink Floyd-medlemmane David Gilmour, Richard Wright og Nick Mason spelte som ein hyllest til han. Dette var første gong bandet spela i lag sidan oktober 1994, og dei spelte «Fat Old Sun» og «The Great Gig in the Sky» med Dick Parry på saksofon.
[endre] Andre artistar
Andre artistar O'Rourke var manager for inkluderar
- Chris Thomas, plateprodusent