Musikkgruppa Gåte
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gåte | ||
Gunnhild Sundli under Rock mot rus 2005. |
||
Land | Sør-Trøndelag i Noreg | |
Aktive år | 1999-2005 | |
Sjanger | Folkrock | |
Selskap | Warner Music Norway | |
Internettside | http://www.gaate.no | |
Medlemmer | ||
Gunhild Sundli Sveinung Sundli Magnus Børmark Gjermund Landrø Kenneth Kapstad |
||
Tidlegare medlemmer | ||
Martin Langlie |
Gåte var ei musikkgruppe frå Sør-Trøndelag som spelte ei blanding av norsk folkemusikk og rock.
Medlemene i gruppa var vokalist Gunhild Sundli, bror hennar, Sveinung Sundli, på fele og tangentinstrument, Magnus Børmark på gitar, Gjermund Landrø på bass og Martin Langlie på trommer. Seinare overtok Kenneth Kapstad etter Langlie. Gåte har jobba saman med den kjende felespelaren Knut Buen, og nokre av tekstane deira er skrivne av lyrikaren Astrid Krog Halse.
Debutalbumet Jygri selde over 40 000 eksemplar. I 2002 vann dei Spelemannsprisen for beste nykomar for denne plata. Dei mest kjende songane Gåte spela er «Bendik og Årolilja», «Grusomme skjebne», «Kara tu omna» og «Knut liten og Sylvelin».
Gruppa vart vedteken oppløyst i september 2005. I byrjinga vart oppløysinga av mange omtala som ein pause, men medlemer i gruppa understrekte seinare at det var snakk om eit brot[1]. På tampen av 2005 heldt Gåte fire avskjedskonsertar; to konsertar på Blæst i Trondheim, éin konsert på Rockefeller i Oslo og den siste konserten i Setesdal på nyårsaftan.
[endre] Utgjevingar
- Gammel (EP) (2000)
- GÅTE (EP) (2002)
- Jygri (2002)
- Statt opp (EP) (2003)
- Sjå Attende (singel) (2004)
- Iselilja (2004)
- Liva (live) (2006, både CD og DVD)
[endre] Tilvisingar
- ↑ Sveinung Sundli i avisa Sør-Trøndelag, 3. januar 2006