Niflheim
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Niflheim eller Nivlheim er den kalde sida av verda i norrøn mytologi. Namnet tyder skoddeheimen, og her fanst berre is og skodde. Det var likevel ein bit av dette isaudet som smelta og blei til kjempa Yme og kua Audhumla. Niflheim finst langt mot nord. I Niflheim lever Rimtussane. Helheim vart etter kvart ein del av Niflheim. I Nivlheim låg kjelda Kvargjelme, og frå kjelda rann elvane Elivåger mot sør. Slik vart Ginnungagap fylt av rimfrost og is. Frå elden i Muspelheim i sør spruta det gneistar og glør mot nord. Av smeltevatnet vart det liv, det tvekjønna urvesenet Yme og kua Audhumla. Yme vart det fyrste vesenet. Av mjølka frå jura til Audhumla livnærte Yme seg.
Muspelheim, som ligg i sør, er motstykket til Niflheim. I Muspelheim er det ljos og varme.
Midt mellom dei to verdene finst det tome Ginnungagapet. Her var det leveleg, og Audhumla og Yme levde der.
![]() |
Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han. |
Sjå òg: Oversyn over spirer. |