Njáls saga
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Njáls saga eller Njála er ei islandsk ættesoge, eller ei islendingesoge. Eit lengre namn på soga er Brennu-Njáls saga (Brende Njáls saga).
Soga skildrer ein feide mellom to familiar som går over femti år. Hendingane i soga skal ha gått føre seg mellom 930 og 1020, og dekker dermed tida då Island gjekk over til kristendommen i år 1000, samt skildrer slaget ved Clontarf utanfor Dublin i 1014.
Hovudpersonen i Njáls saga er Njál Torgeirsson. Islandske namn på Njál er Njáll Þorgeirsson, Brennu-Njáll og Njáll á Bergþórshvoli. Soga skildrer mellom anna den djupe vennskapen mellom Njál og Gunnar frå Lidarende, som dei held fast på trass i at konene deira ligg i blodig strid med kvarandre.