Norwegian Air Shuttle
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Norwegian Air Shuttle ASA er eit flyselskap som driv med lågprisflyging i Noreg og Europa. Norwegian har den administrative basen sin på Fornebu, den tekniske basen i Stavanger og den operative basen i Bergen og Oslo. Alle flya er måla med raud nase og ulike norske «heltar» på halen.
Innhaldsliste |
[endre] Historie
Flyselskapet vart etablert i 1993, etter at Busy Bee gjekk konkurs, og spesialiserte seg på å vere operatør for Braathens SAFE på Vestlandet med Fokker 50. Hausten 2002 tok Norwegian opp konkurransen med SAS Braathens på innanriksflyging i Noreg. Frå 1. september 2002 starta selskapet rutene Oslo–Stavanger, Oslo–Bergen, Oslo–Trondheim og Oslo–Tromsø. Fram til september 2002 var Norwegian Air Shuttle eit flyselskap som spesialiserte seg på å vere operatør for Braathens på Vestlandet med Fokker F-50. Frå 1. september 2002 vart verksemda utvida, og hovudfokuset no er å tilby lågprisflygingar med Boeing 737.
I dag er Norwegian eit lågprisflyselskap på norske og europeiske ruter. Norwegian har omlag 640 tilsette og 22 fly av typen Boeing 737-300 med 148 sete. Selskapet har om lag 30 prosent marknadsandel på dei rutene dei flyg i Noreg. Norwegian tilbyr totalt 85 ruter til 55 destinasjonar – 10 ruter innanlands og 73 ruter utanlands.
[endre] Destinasjoner
Se eigen artikkel: Norwegian Air Shuttle destinasjonar
[endre] Nye ruter
- Oslo–Pula (fra 14. april 2007)
- Oslo–Valencia (fra 14. april 2007)
- Oslo–Edinburgh (fra 15. april 2007)
- Oslo–Bordeaux (fra 19. april 2007)
- Oslo–Beograd (fra 28. april 2007)
- Oslo–Antalya (fra 5. mai 2007)
- Stavanger–Berlin Schönefeld (fra 3. mai 2007)
- Stavanger–Paris Orly (fra 4. mai 2007)
- Stavanger–Praha (fra 5. mai 2007)
- Stavanger–Alicante (fra 4. juli 2007)
- Trondheim–Malaga (fra 14. april 2007)
- Trondheim–Riga (fra 20. april 2007)
- Oslo–Palma de Mallorca (fra 12. mai 2007)
- Oslo–Istanbul (fra 2. juni 2007)
- Bergen–Alicante (fra 2. juli 2007)
- Trondheim–Alicante (fra 4. juli 2007)
[endre] Flyflåte
Flymaskin | Registrering | Halemotiv |
---|---|---|
Boeing 737-300 | LN-KKB | Heilt kvit hale |
LN-KKC | ||
LN-KKF | Fridtjof Nansen | |
LN-KKG | Gidsken Jakobsen | |
LN-KKH | Otto Sverdrup | |
LN-KKI | Ingen (tidlegare Helge Ingstad) | |
LN-KKJ | Sonja Henie | |
LN-KKL | Roald Amundsen | |
LN-KKM | Thor Heyerdal | |
LN-KKN | Sigrid Undset | |
LN-KKO | Henrik Ibsen | |
LN-KKP | Ingen (tidlegare Kirsten Flagstad) | |
LN-KKQ | Alf Prøysen | |
LN-KKR | ||
LN-KKS | Edvard Munch | |
LN-KKT | ||
LN-KKU | ||
LN-KKV | Niels Henrik Abel | |
LN-KKW | ||
LN-KKX | ||
LN-KKY | ||
LN-KKZ | Logojetreklame for Silver |