Olaug Nilssen
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Olaug Nilssen (f. 28. desember 1977) er ein norsk forfattar. Ho debuterte i 1998 med romanen Innestengt i udyr, og arbeider som bokmeldar og forfattar av skjønnlitteratur og sakprosa.
Nilssen vaks opp i Solheimsdalen i Førde og busette seg seinare i Bergen, der ho mellom anna studerte litteraturvitskap. Ho har vore aktiv i tidsskriftet Vagant, men er no, saman med Gunnhild Øyehaug, redaktør for det litterære tidsskriftet Kraftsentrum.
Olaug Nilssen er blitt kåra til ein av dei ti viktigaste unge forfattarane i Noreg. Forfattarskapen hennar er allsidig og prega av humor.
Nilssen var festspeldiktar på Dei Nynorske Festspela i 2006.
[endre] Utgjevingar
- Få meg på, for faen. Det norske samlaget (2005)
- Hybrideleg sjølvgransking. Det norske samlaget (2005)
- Ronnys rumpe. Damm (2004)
- Vi har så korte armar : tilstandsrapportar. Det norske samlaget (2002)
- Innestengt i udyr. Det norske samlaget (1998) roman
[endre] På verdsveven
- Eit eige rom med utsikt - Bloggen til Olaug Nilssen
- Nokre tekstar av henne i Vinduet
[endre] Kjelder
Eg er berre ei spire med tankar få eg veks berre til om du fyller på |
![]() |
Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide denne spira.. |
Oversyn over litteraturspirer. |