Ole Einar Bjørndalen
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ole Einar Bjørndalen (fødd 27. januar 1974) er ein norsk skiskyttar frå Simostranda i Modum i Buskerud. Han har vunne 5 OL-gull, 6 VM-gull og 71 verdscuprenn totalt (pr. 14. januar 2007), fleire enn nokon annan skiskyttar. Han har og vunne verdscupen samanlagt to gonger.
I OL i Salt Lake City i 2002 vann han alle fire konkurransane, og i VM i Hochfilzen i 2005 tok han fire av fem moglege gullmedaljar.
Bjørndalen bur i Toblach i Sør-Tirol i Italia saman med kona Nathalie Santer som òg er skiskyttar på elitenivå. Broren Dag Bjørndalen har òg vore skiskyttar på elitenivå.
Innhaldsliste |
[endre] Kortfatta merittliste
(pr. 28. februar 2006)
- Verdscupen samanlagt:
- 3 sigrar (2002/03 og 2004/05),2005/06 4 andreplassar, 2 tredjeplassar
- Verdsmeisterskap:
- 7 gull (6 individuelle), 5 sølv, 8 bronse
- Olympiske leikar:
- 5 gull (4 individuelle), 3 sølv, 1 bronse
[endre] Verdscuprenn (pr. 14. januar 2007)
- 73 verdscupsigrar i skiskyting
- 1 verdscupsiger i langrenn
[endre] Meritt i langrenn
OL: Langrenn
- 5. plass frå 30 km i Salt Lake City 2002.
Ski-VM: Langrenn
- 11. plass frå 15 km i Oberstdorf 2005.
FIS verdscup
- 1 siger
- 2 andreplassar