Pave Johannes Paul II
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Pave Johannes Paul II | |
Iohannes Paulus II | |
![]() |
|
Dåpsnamn: | Karol Józef Wojtyła |
Fødd: | 18. mai 1920, Wadowice i Polen |
Død: | 2. april 2005, Vatikanstaten |
Vald: | 16. oktober 1978 |
Innsett: | 22. oktober 1978 |
Saligkåra: | — |
Heilagkåra: | — |
Festdag: | — |
Føregjengar: | Pave Johannes Paul I |
Etterfylgjar: | Pave Benedikt XVI |
Pave Johannes Paul II vart den fyrste ikkje-italienske paven på 455 år. Pavetida hans vart den tredje lengste i historia, etter Pius IX og Sankt Peter, og han var pave i 26 og eit halvt år.
Johannes Paul II var ein svært aktiv pave som gjorde over hundre utanlandsreiser, og som til saman reist lenger enn alle dei andre pavane til saman. Han lærte seg mange språk, og helsa ofte dei store menneskemassane som samla seg for å sjå han på morsmålet deira. Han hadde òg mykje kontakt med representantar frå andre trussamfunn.
Pave Johannes Paul II lyste sæle og kanoniserte fleire personar enn nokon tidlegare pave. I oktober 2004 hadde han sællyst 1 340 menneske.
[endre] Livssoge
Karol Wojtyla vart fødd i Wadowice i Polen. Etter ein vanskeleg oppvekst byrja han å interessera seg for teologi, og han vart prestevigd i 1946. Etter kvart blei han hjelpebiskop, og seinare erkebiskop, av Kraków.
[endre] Pavevalet
Han blei veld til stillinga etter at Johannes Paul I berre hadde vore pave i 33 dagar. Wojtyla hadde sjølv tenkt å ta namnet Stanislas etter den polske nasjonalhelgenen, men folket i Roma hadde allereie byrja å ønska «Johannes Paul II», og den nye katolske leiaren bøygde seg for kravet. Etter at valet var annonsert, gjekk paven ut på balkongen på Peterskyrkja og helste folket. For første gong skjedde dette ikkje på latin, men på italiensk.
Som pave haldt han på valspråket han hadde teke ved bispeordinasjonen, Totus tuus, «Heilt din». Både valspråket og våpenet hans viser hengivinga hans til Jomfru Maria: Våpenet har ein gul kross på blå botn med ein M nede i det venstre hjørnet.
Føregjengar: Johannes Paul I |
Pave |
Etterfylgjar: Benedikt XVI |
![]() |
Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han. |
Sjå òg: Oversyn over spirer. |