Peter
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Peter, Petter og Peder er mannsnamn som kjem frå gresk Πέτρος «Petros» gjennom latin Petrus. Dette er ei omsetting av det arameiske Kefa, som tyder «stein» eller «klippe». Namnet blei gitt som tilnamn til apostelen Simon av Jesus.
I Noreg har namnet vore kjend sidan rundt 1120, vanlegvis på forma Pétr. Den latinske formen Petrus er også brukt, medan Per er ei velkjend kortform. Andre språk har formar som til dømes Pierre (fransk), Piotr/Pjotr (russisk), Pekka (finsk, Pieter (lågtysk), Pietro (italiensk og Pedro (spansk og portugisisk).
Kjende kvinneformer som har vore brukte i Noreg er Petra, Petrea, Petrikke og Petrine.
Namnedagar er 22. februar (Festen for Peters stol) og 29. juni (Festen for Peter og Paul, i Noreg kalt persok eller petersmesse).
[endre] Kjende namneberarar
- Apostelen Peter
- Den heilage Peter, fleire helgenar
- Peter den store
- Peter Chr. Asbjørnsen
- Peter Sellers (1925-1980), britisk skodespelar
- Peter Wessel Tordenskjold
- Peter Tsjajkovskij
- Peter Wessel Zapffe
[endre] Anna
- St. Petersburg er kalla opp etter apostelen
[endre] Bakgrunnsstoff
- Søk etter norsk namnestatistikk for Peter hjå Statistisk Sentralbyrå