Polar Zoo
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Polar Zoo er ein dyrepark i Bardu kommune i indre Troms. Han opna 18. juni 1994, baserer seg på å visa fram dyr i sine naturlege omgjevnadar. Dette inneber at kvar art får mykje plass i boltra seg på; med 1100 mål fordelt på berre 12 innhegningar har parken verdas største areal per dyr. I tillegg til denne rekorden er han verdas nordlegaste dyrepark.
Parken har nyleg søkt om løyve til å halda isbjørn som den første dyreparken i Noreg.