Raudrev
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Raudrev |
||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
![]() Raudrev (Vulpes vulpes)]] |
||||||||||
Systematikk | ||||||||||
|
||||||||||
Underartar | ||||||||||
|
Raudrev (Vulpes vulpes), også kalla berre rev, sølvrev og korsrev, samt mikkel rev, er det mest vanlege rovdyret i reveslekta. Han er utbreidd over store delar av Nord-Amerika og Eurasia, men er lite representert i Afrika. Han finst også i Australia, men ikkje naturleg. Ei rekkje underartar er skildra, men systematikken er svært uklår i augneblinken. Generelt deler ein derfor raudreven inn i fargevariantane vanleg raudrev, korsrev og sølvrev.
Innhaldsliste |
[endre] Skildring
Raudrevarten har tre fargevariantar, som skildra nedanfor. Vekta ligg normalt i området 3–10 kg og kroppslengda er som regel mellom 83–110 cm, målt frå nasetipp til halerot. Han er langbeint og hurtig, og kan nå ein toppfart på nærmare 50 km/t. Revar i varme strøk er gjerne slankare bygd. I vill tilstand kan ein forvente ei gjennomsnittleg levetid på ca. 3 år, men dette varierer frå stad til stad (underart til underart). I fangenskap lever revar opp mot 12–13 år.
[endre] Vanleg raudrev
Vanleg raudrev utgjer omkring 65% av raudrevbestanden på verdsbasis, men fargen varierer frå bleik gulaktig raud til djup raudbrun på øvre partia av kroppen og frå kvit til oskegrå og skiferaktig grå på undersida. Alle raudrevar har eit krossliknande mønster over ryggen, der ei mørk stripe renn nedover nakken og ryggkammen, og ei tilsvarande mørk stripe dannar ein kross på tvers over skuldrene på dyra. På raude raudrevar er dette korsmønsteret djupare raudt eller raudbrunt. Den nedste delen av leggane er normalt svart eller nærmast svart, og haletippen er anten svart eller kvit. Pelsen varierer frå kort til halvkort. Dei nordlegaste underartane har generelt ein lenger pels og gjerne tett underull i vinterhalvåret.
Såkalla norsk eller skandinavisk raudrev har gjerne ein klar raud til raudbrun pelsfarge med kvite teikningar i brystet, på halsen, kinnet og på haletippen. Den utviklar tett underull vinterstid og blir normalt 58–80 cm lang, målt frå snutespissen til halerota. Halen, som er bustet og svært frodig, blir gjerne omkring 50 cm lang. Vekta ligg normalt i området 5–15 kg, men vekt over 10 kg er ikkje vanleg. Skandinavisk raudrev har vorte skildra som ein eigen underart (Vulpes vulpes septentrionalis), men mange forskarar reknar ikkje denne reven som distinkt nok til å vere det. Den blir derfor som oftast rekna som ein varietet til nominatforma (Vulpes vulpes vulpes).
Det finst også kvite raudrevar, men nokre av desse er albinoar. Likeins finst det i vill tilstand ein mutert variant av raudreven som ikkje har dekkhår, kalla Samsons rev.
[endre] Korsrev
Såkalla korsrevar utgjer omkring 25% av raudrevbestanden på verdsbasis. Han har gjerne ein raudbrun til grågrisla raudbrun pelsfarge. Korsrevar har eit mykje tydelegare korsmønster enn andre raudrevar. Ei nærmast svart eller gråsvart stripe (med islett av raudt) renn nedover nakken og ryggkammen, og ei tilsvarande mørk stripe danner krossen på tvers over skuldrene. Den nedste dele av leggane er normalt svart eller gråsvart, og haletippen er som oftast kvite. Korsrevar har dessutan gjerne svart eller gråsvart ansiktsmaske.
Krossrevskinn er eit populært pelsverk internasjonalt. Det er gjerne meir verdt eit tradisjonelle raudrevskinn, men som oftast ikkje like mykje verdi som pelsverk av sølvrev og fjellrev.
[endre] Sølvrev
Såkalla sølvrevar utgjer ca. 10% av den totale raudrevbestanden på verdsbasis. Han varierer frå sølvgrå (grågrisla) til nærmast svart og har det mest verdifulle pelsverket blant raudrevene. Også sølvrevar har eit liknande korsmønster på ryggen, men fargane er ein kombinasjon av sølv og svart. Den nedste delen av leggene og labbane er normalt svarte eller nærmast svarte, og halen er gjerne grågrisla heilt innarst, men nærmast svart utover. Også øyrene er ofte svarte eller nærmast svarte.
[endre] Åtferd
Raudreven er ein einsam jeger som ikkje danner sosiale flokkar, men lever aleine utanom paringstida og den fyrste delen av kvalpestadiet. Det er kjent at tilliggende revir kan overlappe kvarandre noko, men kjernereviret blir som regel forsvard. Reviret blir okkupert av ein hann og ein til to hoer og dei eventuelle kvalpane deira. Hiet blir grave som regel ut i bakken og har alltid fleire utgangar. Ofte har reven også fleire hi innanfor reviret. Hiet som slik er ofte overteke etter andre dyr og tilpassa behovet.
[endre] Habitat
Raudreven er svært flink til å tilpasse seg og trivst utmerka heilt i nærleiken av menneske. Moderne landbruk, byar og tettstader har i så måte gitt raudreven ei rekkje nye høve, som han veit å utnytte. Han trivst nærmast over alt, inkludert i storbyar som Oslo, London og sjølvaste New York, men ein finner også raudrev i kystnære folketomme strøk, ørkenliknande område, landbruksområde og i fjellstrøk. Likeeins finner ein raudrev i både varme som kalde strøk, medrekna også i strøk med forhaldsvis mykje snø vinterstid. Det ser likevel ut til at raudrev føretrekkjer grasmark heilt i nærleik av skog, dersom han kan velje, men ein kan stort sett seie at raudrev er der det er tilgang på mat.
[endre] Spreiing
Raudrev finst naturleg over heile den nordlege halvkula, unnateke i delar av Sibir og på Grønland, Island og dei andre Arktiske øyane. Han finst heller ikkje naturleg i ekstrem ørken. Undersøkingar frå Nord-Amerika og Russland viser at raudreven i dei 20. hundreåra har auka utbreiinga si mot nordområda (Marsh 1938, Skrobov 1960, Macpherson 1964, Chirkova 1968, Hersteinsson and Macdonald 1992). Forskarane meiner dette har samanheng med klimaendringane, noko som igjen fører til ekspansjon av raudreven si utbreiing oppover i fjellet.
Forskarane meiner at arten oppstod i Asia, der det er gjort fossile funn som er omkring 1,5 millionar år gamle. Raudreven har så spreitt seg utover Eurasia og til dei nordlege delane av Afrika. Til Nord-Amerika kom han truleg for omkring 130 000 år sidan, dit han vandra via Beringstredet. På 1600-talet blei også europeisk raudrev introdusert i USA, der han blanda seg med lokale underartar. På 1860-talet blei raudrev også introdusert i Australia, der han i løpet av 50 år var spreidd til heile den vestre delen av landet. I dag er det berre i dei varmaste stroka i nordområda at han ikkje finst. Raudrev blei også introdusert på Falklandsøyene og på Isle of Man, sjølv om han no kan vere utrydja der.
[endre] Reproduksjon
Brunsttida er gjerne i perioden desember–januar i sydlige strøk, januar–februar i sentrale strøk og februar–april i nordlege strøk, men dette kan variere. Hannane vil slost i brunsttida. Tispa er som regel fruktbar i 1–6 dagar, mens sjølve paringsakta gjerne står på i berre 15–20 minutt om gongen. Tispene parar seg ofte med fleire hannar, men vil etablere eit parforhold med berre ein av dei. Under sjølve paringsakta er revar svært vokale, noko vi ofte kan høyre som katteliknande skrik på nattestid.
Tispa går drektig i ca. 51–53 dagar (av og til ned mot berre 49 dagar) før ho føder eit kull som i snitt består av 5 kvalpar (1–13 blir rekna som normal). Tispa har ansvaret for kvalpene, men hannen vil supplere henne med mat fram mot og ei stund etter fødselen. Kvalpene blir fødde blinde og veg gjerne 50–150 gram. Auga blir opna etter 9–14 dagar, og kvalpane forlèt gjerne hiet etter 4–5 veker. Dei er som regel fullt avvent etter 8–10 veker, men blir saman med mora til seinhausten eller forvinteren. Kvalpane er kjønnsmodne etter ca. 10 månader og forlèt då gjerne mora på leting etter eit eigne revir å leve i. Ofte i nærleiken av oppvekstområdet, men lange vandringar førekjem.
[endre] Bestandsutvikling
Mange stader har raudrevbestanden hatt ei eksplosiv utvikling i seinare tid, spesielt i Norden. Mange har meint at dette skuldast mangel på naturlege fiendar. Dette er imidlertid omdiskuterte, og nordiske forskarar forklarer dette med at bestanden også har økt kraftig i Danmark, der rovdyra som slik blei utrydja alt på 1700-tallet. Stadig fleire trur no at moderne landbruk må ta ein stor del av skulda, fordi dette gir betre levevilkår for smågnagarar og derav eit betre næringsgrunnlag for revens eksistens. Somme meiner også at auka mengder av slakteavfall, som følgje av økt avskyting av elg gjennom mange år, også kan ha bidratt (Kristensen, 1990). Likevel nemner mang redusert predasjon frå ulv som ei mogeleg forklaring til voksteren i raudrevbestanden i Fennoskandia (Hersteinsson et al., 1989).
[endre] Ernæring
Raudreven er kjend som ein sløg og meget tilpassingsdyktig jeger. Arten er nærmast altetande og jakter helst i skyming og mørke. I område med mykje mat er reviret gjerne 5–12 km². I meir sparsomme område kan reviret vere 20–50 km². Den et fugler, insekter, reptiler, egg, små gnagere. og andre små pattedyr, frukt, bær, åtseler og matavfall etter menneske m.m. I det siste har det også blitt kjent at skandinavisk raudrev kan ta rådyrkalvar på vårparten.
Raudreven trenger omkring 0,5–1 kg mat i døgnet. Ved overflod hamstrar han, og det viser seg at reven som regel finn tilbake til maten den gøymde vekk.
[endre] Jakt og fangst
Mest truga er raudreven av mennesket, som i tusenår har beskattet arten for pelsverkets skyld, men også som skadedyr. I Noreg, Sverige og blir Finland raudrev drepe som truer fjellrevbestanden. Forskarar trur klimaendringar er årsaka til at raudreven trekkjer opp i høgda, der den kan konkurrere ut den mykje mindre og langt meir sårbare fjellrevbestanden. I låglandet er jakt på raudrev meir vanleg. I Storbritannia blei landets lange tradisjon med revejakt forbode i februar 2005. Denne typen jakt foregikk ved at ein flokk med ryttarar på hest og eit koppel av hunder (som regel foxhound) jaga etter reven til den var heilt utmatta, og det enda gjerne med at hundane reiv reven i hjel.
[endre] Pelsdyroppdrett
Pels er framleis populært mange stader i verden. Historisk sett blei pelsverk nytta for å beskytte mot kulden, men mot slutten av 1800-talet og på begynnelsen av 1900-talet blei pels eit populært statussymbol. Filmstjerner og andre kjendisar tok i bruk pels og konkurrerte om å ha dei flottaste plagga, noko som til slutt resulterte i regulært pelsdyroppdrett. Fenomenet smitta over på befolkninga, fyrst og fremst til rikfolk, sidan også til middelklassa. På 1960- og '70-talet fanst det vel knapt ei finare frue i Noreg utan pels. For å lage ei pelskåpe av rev går det gjerne med omkring 10–20 skinn (av og til fleire), avhengig av størrelse, modell og kåpelengde. Slike kåper blir ofte omsette for meir enn 35 000 norske kroner.
I 1988 blei det estimert at nærmare ti millionar rev blei avliva for skinnets skyld. Av desse var omkring halvparten såkalla oppdrettsrev og den andre halvparten viltfanga rev. Nordiske land er ein betydelig aktør i pelsdyrnæringa, men norsk oppdrettsrev utgjer berre 350 000–400 000 reveskinn i året. Då er både raudrev og fjellrev medrekna. Næringa er såleis ubetydelig i Noreg, også i økonomisk samanheng. Norske oppdrettere er for det meste bønder som har pelsdyrproduksjon som tilleggesnæring.
Det har vore stigande internasjonal motstand mot pelsdyrnæringa i dei seinare åra. I Noreg har denne motstanden engasjert både vanleg folk og naturvernaktivistar. Hovudtemaet har vore dyras dårlige levekår. Dei mest ekstreme aktivistane har i noen tilfelle gått til det skrittet å sleppe laus oppdrettsdyr i norsk fauna. Oppdrettsdyr har imidlertid små forutsetninger for å klare seg sjølv og vil som regel døy av svolt. Genetisk medfører dei dessutan ein stor risiko for eksisterende bestandar av ville dyr, om dei skulle klare å overleve.
[endre] Truslar
Raudreven er på ingen måte truga som art, sjølv om CITES regner tre av dei indiske underartane (V.v.griffithi, V.v.montana og V.v.pusilla) som truga og har påført desse handelsrestriksjonane i henhold til CITES Appendix III. I Sierra Nevada i California er også V.v.necator svært sjeldan, kanskje i ferd med å forsvinne heilt (Nowak, 1991). Dei truslane som finst er derfor i fyrste rekkje predasjon frå andre rovdyr, sjukdomar, påkøyrslar og evt. naturkatastrofar.
[endre] Predasjon
Raudreven er både jeger og bytte. I Noreg jaktar både ulv, gaupe, jerv og kongeørn på raudrev. Elles i verden jakter alle større rovdyr på raudrev som måtte befinne seg i nærleiken, anten for å ete den eller for å unngå konkurranse med den om matforråedet. Som slik er raudreven utsatt for predasjon frå alle store rovdyr og rovfuglar, spesielt som kvalpar. Nokre stader også frå krypdyr.
[endre] Sjukdomar
[endre] Reveskabb
I 1976 blei det fyrste tilfelle av reveskabb (også kalt skabb) påvist i Lierne i Nord-Trøndelag, dit den kom frå Sverige der det fyrste tilfellet blei påvist i 1972. Svensk rev blei smitta av rev som innvandred frå Finland, der skabb blei påvist alt på 1960-talet. Finsk rev fekk truleg smitten via Russland.
Reveskabb forårsakes av ein 0,3 mm stor midd (Sarcoptes scabei), som borar seg inn i huda på reven og legger egg. Symptom på reveskabb er tap av pels, særleg på halen. Huda tørkar inn på dei berre partia, og reven blir ofte sky menneskesky og søkjer ly uthus, garasjar o.l. for å finne varme. Etter 3–4 månader døyr reven av utmagring, infeksjon og uttørring.
Reveskabb førde opphavleg til ein drastisk reduksjon i raudrevbestanden. Skabbebefengte revar var ei vanleg syn i Noreg til ut på 1990-tallet. No ser imidlertid epidemien ut til å vere over. På kontinentet har raudreven blitt resistent overfor reveskabb.
[endre] Bendelorm
Reven er hovudvert for såkalla mikroskopisk bendelorm (Echinococcus multilocularis), også kalt revens dvergbendelorm. Denne bendelormen lever i revetarmen og produserer egg som skiljast med avføringa. Menneske blir smitta gjennom konsum av forureina frukt, bær, sopp og vann m.m. Parasitten forekommer i revebestandane i store delar av Europa, men har vore rekna for å vere fråverande i Norden. I 1999 og 2000 blei imidlertid denne parasitten påvist på Svalbard og i Danmark.
[endre] Andre overførbare sjukdomar
I tillegg kan raudrev få ei rekkje overførbare sjukdomar, sjukdomar som blir overførde via smitte i form av virus og/eller bakterier. Slike sjukdomar er også kjende hos andre hundedyr, f.eks. ulv og tamhund.
- Flåttbårne sjukdommer (som f.eks. borreliose, anaplasmose og blir skogflåttencefalitt) overført via flåttbite.
- Furunkulose eller byllesjuke er ein infeksjon i huda som skuldast stafylokokk-bakteriar.
- Hundepest eller parvovirus smittar ved kontakt hundar imellom eller ved kontakt med avføring. Sjukdomen skuldast eit virus som angrip tarmslimhinna.
- Kennelhoste eller parainfluensa er ein smittsam infeksjon i hundens øvre luftvegar og kan skuldast både virus og bakteriar.
- Leptospirose forårsakes av bakteriar som blir kalla leptospira spp.
- Rabies eller hundegalskap skuldast eit virus som blir overført med spytt, f.eks. via bite.
- Smittsom leverbetennelse (HCC) eller virushepatitt (Hepatit contagiosa canis) skuldast eit virus kalt adenovirus 1 og smittar gjennom droper via munn/nase eller gjennom avføring og urin.
- Valpesjuke eller distemper skuldast eit såkalla paramyxovirus som oftast startar med å ramme luftvegane.
[endre] Systematikk
Det er beskrevet ei rekkje såkalla underartar av raudrev basert på lokal variasjon, men dei fleste må reknast som tvilsame og berre eit fåtal anerkjennes internasjonalt. Som slik trenger arten til ein skikkeleg genetisk studie, slik at virvaret av underartar kan bli betre organisert. Tidlegare blei f.eks. den amerikanske raudreven (Vulpes fulva) regnet som ein eigen art, men den blir no klassifisert som ein underart av Vulpes vulpes. Fleire andre underartar har også tidlegare vore (feilaktig) klassifisert som eigne artar. I tida som kjem må ein derfor påregne tildels store endringar i artens systematikk.
- .Art:. Vulpes vulpes (raudrev)
- .Underart:. Vulpes vulpes abietorum (Vestkanadisk raudrev)
- .Underart:. Vulpes vulpes aeygptica (Egyptisk raudrev)
- .Underart:. Vulpes vulpes alascensis (Yukatanraudrev)
- .Underart:. Vulpes vulpes alpherakyi (Turkmensk raudrev)
- .Underart:. Vulpes vulpes alticola (Tajikistansk raudrev)
- .Underart:. Vulpes vulpes anatolica (Lilleasiaraudrev)
- .Underart:. Vulpes vulpes arabica (Arabisk raudrev, muskatrev)
- .Underart:. Vulpes vulpes atlantica (Nordafrikaraudrev)
- .Underart:. Vulpes vulpes barbara.s. (Nordvestafrikansk raudrev))
- .Underart:. Vulpes vulpes beringiana (Østsibirsk raudrev)
- .Underart:. Vulpes vulpes cascadensis (Nordvestamerikansk raudrev)
- .Underart:. Vulpes vulpes caucasica (Kaukasisk raudrev)
- .Underart:. Vulpes vulpes crucigera (Tysklandsraudrev)
- .Underart:. Vulpes vulpes daurica (Sibirraudrev)
- .Underart:. Vulpes vulpes diluta (Blekraudrev)
- .Underart:. Vulpes vulpes dolichocrania (Østrussisk asiaraudrev)
- .Underart:. Vulpes vulpes dorsalis (Nevadaraudrev)
- .Underart:. Vulpes vulpes flavescens (Nordiransk raudrev)
- .Underart:. Vulpes vulpes fulva (Nordamerikansk raudrev)
- .Underart:. Vulpes vulpes fulvus (Sølvrev)
- .Underart:. Vulpes vulpes griffithi (Afghansk raudrev)
- .Underart:. Vulpes vulpes harrimani (Kodiakraudrev)
- .Underart:. Vulpes vulpes hoole (Sørkinaraudrev)
- .Underart:. Vulpes vulpes ichnusae (Sardiniaraudrev)
- .Underart:. Vulpes vulpes induta (Kyprosraudrev)
- .Underart:. Vulpes vulpes jakutensis (Yakutskraudrev)
- .Underart:. Vulpes vulpes japonica (Honshuraudrev)
- .Underart:. Vulpes vulpes karagan (Kirgisisk raudrev)
- .Underart:. Vulpes vulpes kenaiensis (Kenairaudrev)
- .Underart:. Vulpes vulpes krimeamontana (Krimraudrev)
- .Underart:. Vulpes vulpes kurdistanica (Kurdisk raudrev)
- .Underart:. Vulpes vulpes macroura (Rockey Mountain raudrev)
- .Underart:. Vulpes vulpes montana (Himalayaraudrev)
- .Underart:. Vulpes vulpes necator (Kaliforniaraudrev)
- .Underart:. Vulpes vulpes ochroxanta (Okerglansrev)
- .Underart:. Vulpes vulpes palaestina (Palestinaraudrev)
- .Underart:. Vulpes vulpes peculiosa (Korearaudrev, Kishidarev)
- .Underart:. Vulpes vulpes pusilla (Punjabraudrev)
- .Underart:. Vulpes vulpes regalis (Sentralkanadisk raudrev, nebraskaraudrev, missouriraudrev )
- .Underart:. Vulpes vulpes rubricosa (Nova Scotiaraudrev)
- .Underart:. Vulpes vulpes schrencki (Hokkaidoraudrev, sakhalinraudrev)
- .Underart:. Vulpes vulpes septentrionalis (Skandinavisk raudrev)
- .Underart:. Vulpes vulpes silacea (Spaniaraudrev)
- .Underart:. Vulpes vulpes splendidissima (Kurileøy raudrev)
- .Underart:. Vulpes vulpes stepensis (Asiatisk stepperev)
- .Underart:. Vulpes vulpes topolica (Vestsibirsk raudrev)
- .Underart:. Vulpes vulpes tschiliensis (Nordøstkinaraudrev)
- .Underart:. Vulpes vulpes vulpecula (?)
- .Underart:. Vulpes vulpes vulpes (Vanlig raudrev)
- .Underart:. Vulpes vulpes waddelli (Tibetansk raudrev)
[endre] Eksterne lenkjer
[endre] Litteratur
- «Rev og revejakt», av Morten Kraabøl, ISBN. 8291495270
- «Reven», av Michael Leach, ISBN. 8291101620
- «Den fantastiske Mikkel Rev», barneroman av Roald Dahl, ISBN. 8205344663