Jerv
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jerv |
||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Amerikansk jerv Gulo gulo |
||||||||||||||
Systematikk | ||||||||||||||
|
||||||||||||||
Vitskapleg namn | ||||||||||||||
Gulo gulo Linné, 1758 |
Jerv (Gulo gulo) er det største medlemmet i mårdyrfamilien. Jerv finst i spreidde bestandar sirkumpolart i nordlege fjellområde.
Jerven, som kan vege opptil 25 kg, er svært solid bygd og sterk etter størrelsen. Bittet er kraftig slik at den kan ete frose kjøt og knuse knoklar frå store dyr for å få tak i beinmargen. Jerven kan dra med seg byttedyr fleire gonger større enn seg sjølv. Dei lagrar den i myrhol, bekkar osb. for vinteren.
Om vinteren er jerven sin hovudføde rein, men den er ikkje noko spesielt god jeger, slik at jerven er avhengig av åtsel og det vinterlageret den har lagt seg opp. Sommardietten er meir variert, med fuglar, små og mellomstore pattedyr og planter på menyen.
[endre] Bakgrunnsstoff
- Det norske jerveprosjektet - god informasjon
- Artsfakta om jerv - frå NINA