Presesjon
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Presesjon er eit fysisk fenomen som oppstår når aksen til ein roterande lekam «slingrar», medan den vert utsett for ei kraft utanfrå. Fenomenet kan ein lett sjå på ein snurrande snurrebass, men alle roterande lekamar kan faktisk syne presesjon.
[endre] Jorda sin presesjon
Jorda er ein roterande lekam. Rotasjonasaksen heller om lag 23,5 grader i forhold til normalen til solbanen, men aksen preseserer med ein periode på ca. 25 800 år. Det betyr at himmelen sin nordpol og sørpol, i tillegg til himmelen sin ekvator ser ut til å flytte seg i forhold til fiksstjernene i løpet av hundreåra.
Dette virkar òg inn på jamndøgerpunkta, sidan dette er avhengig av kor himmelen sin ekvator ligg. I antikken låg jamndøgerpunktet i stjernebiletet Vêren, men i dag har det flytta seg langt inn i Fiskane. I framtida vil det flytte seg inn i Vassmannen («Vassmannens tidsalder»), og så vidare.
[endre] Sjå òg
- Gravitasjon
- Gyrokompass
- Gyroskop
- Romtid