Protein
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Eit protein (tidlegare ofte kalla eggekvitestoff) er ei gruppe kjemiske bindingar med høg molekylvekt, som er avgjerande for struktur og funksjon for alle levande organismer.
Innhaldsliste |
[endre] Funksjon
Nokre protein er byggestoff og spelar viktige strukturelle eller mekaniske roller, slik som til dømes proteina i brusk og sener. Andre fungerar som enzym, eller undereiningar av enzym som styrer dei kjemiske reaksjonane i cellene. Viktige funksjonar er og immunrespons samt lagring og transport av ulike stoff i kroppen. Som enzym kan også proteina syte for å bryte ned stoff til aminosyrer slik at dei kan takast opp i kroppen (ernæring) eller gjerast tilgjengelege for organismer som ikkje sjølv kan produsere dei. Såleis er protein ein føresetnad for alt levande liv og er avgjerande for struktur og funksjon for alle celler og virus.
[endre] Oppbygging
Protein finn vi i alle celler. Dei er sett saman av ei eller fleire kjeder av aminosyrer som er bunde ihop med peptidbindingar. Dei minste proteina har ca. 50 aminosyrer, medan dei største kan ha opptil 80.000. Særs små proteiner blir kalla peptid.
[endre] Danning
Danninga av protein, den såkalla proteinsyntesa, starter i cellekjerna, ved at det blir danna ein kopi av eit gen i DNA. Denne kopien kallast RNA (ribonukleinsyre) og inneheld koden som ribosomet i cella treng for å sette saman dei rette aminosyrene til eit nytt protein.
[endre] Døme på protein
- Insulin - eit hormon som regulerar opptak av sukker frå blodet til cellene.
- Melanin - gir farge til regnbogehinna.
![]() |
Denne biologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over biologispirer. |