Pyongyang
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Koreansk namn | |
---|---|
McCune-Reischauer | P'yŏngyang Chik'alshi |
Romanisert koreansk | Pyeongyang Jikhalsi |
Hangul | 평양 직할시 |
Hanja | 平壌直轄市 |
Statistikk | |
Folketal | 2 741 260 (1993) |
Flatevidd | 2 653 km² |
P'yŏngyang (Pyeongyang) er hovudstaden og den største byen i Nord-Korea. Han ligg ved elva Taedong, nordvest i landet. Byen hadde 2 741 260 innbyggjarar i 1993.
[endre] Historie
Soga fortel at byen blei grunnlagd som Wanggŏmsŏng i 2333 f.Kr og blei ein storby i riket Go-Joseon. I 427 blei hovudstaden i Goguryeo flytta hit. Etter at dette riket fall blei byen vesthovudstad igjen under Goryeo-dynastiet.
Byen blei okkupert av japanske styrker under den andre verdskrigen og deretter av Sovjetunionen i 1945. Han blei midlertidig hovudstad i Folkerepublikken Korea i 1948 då denne kjempa for å ta tilbake den offisielle hovudstaden sin Seoul.
Byen blei lagt i ruinar av bombeåtak frå USA under Koreakrigen. Etter krigen blei han raskt bygd opp igjen, og er no prega av betongbygg i stalinistisk stil.
Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over geografispirer. |