Rocky
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask som reinsker ut påverking frå andre språk eller innfører same språkstilen overalt. | |
Oversyn over artiklar som treng språkvask. |
Rocky er ein sjølvbiografisk teikneserie skapt av Martin Kellerman. Serien kom ut fyrste gong i 1998 gjennom gratisavisa Metro i Stockholm. Serien handle om den antropomorfe hunden Rocky. Rocky er ein ganske vanlig fyr som elske hip-hop og har sine problemer å stri med når det gjelder jobb, damer og livet generelt.
I utgangspunktet blir serien teikna for avispublisering, men den blir også samla opp i månadsblad i Noreg og Sverige, samt i større samlebøker. Før den fekk sitt eige blad i Norge, gjekk den som gjesteserie i Pondus-bladet. Serien går nå i aviser og blad i Sverige, Noreg, Finland, Danmark, Island, Slovenia, Sveits, Spania og Italia.
Konseptet og figurane vart også nytta i et skodespel som blei sett av 40 000 i Stockholm. Kellerman skreiv både manus og hadde regien. Stykket blei fyrste gong sett opp i Noreg av Nordland Teater i Mo i Rana og blei i 2004 også sett opp i Oslo.
[endre] Norsk bibliografi
- 2006: Rocky: Bok II
- 2005: Rocky: The Big Payback (første samlebok utgjeven i Noreg), ISBN 8250954106
Trivia:
Etter å ha vore gjesteserie i Pondus ei stund, blei serien tatt vekk av ukjente årsaker. Men etter at Rocky fekk sitt eige blad forandra ein meining i bladkompaniet og ein tok Rocky inn att.