Saltværing
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Saltværing, òg stundom kalla saltenmål eller saltendialekt, er den tradisjonelle dialekten i regionen Salten i Nordland fylke. Det mest karakteristiske trekket ved dialekten er den store delen apokoperte former. Innanfor Salten skil tradisjonelt Bodø og i nokon grad Fauske ut med utprega bymål. Frå dei siste tiåra av 1900-talet har bymålet bodøværing og sentrumsmålet i Fauske påverka dialekten i resten av Salten stadig meir.
|
[endre] Lydverk
[endre] Konsonantar
Dialekten har tjukk l av historisk l, men med ein del unntak lengst nord i Salten. Historisk rð blir uttala som r. Konsonantsambanda nd og ld er assimilerte til nn og ll, og alle desse får palatalisert uttale i trykksterk posisjon.
[endre] Vokalar
Det er utstrakt apokope i dialekten. Historisk a-ending i infinitiv og i ubunden form eintal av svake hokjønnsord har falle bort (å fe’sk, å gjæ’r, ei vi’s, ei ve’kk). Historisk i/u-ending, inkludert føre historisk -t og -r, har òg falle bort i dei fleste falla (ikkj’ (‘ikkje’), enn o’ks, på ta’k (‘på taket’), ma’ng søu’ (‘mange sauer’), ma’ng bø’tt (‘mange bytter’)). Bortfallet er ikkje bestemt av jamvektsregelen slik ein ser det i austnorsk, men finn stad både etter historisk korte og historisk lange stavingar.
[endre] Prosodi
I typisk saltværing skil ein mellom tonem 1 og tonem 2 av fleirstavingsord på liknande vis som i dei fleste andre norske dialektane. Det same skiljet finn ein i einstavingsord — der tonem 2 blir bruka i ord med apokope. Vi får dermed minimale par som tak (‘tak’) / ta’k (taket) og søu (‘sau’) / søu’ (‘sauer’).
I og nærme Bodø er det noko ustøheit i tonelaga, og ein del menneske ser ut til å mangle skilnaden mellom tonem 1 og tonem 2.
[endre] Formverk
[endre] Pronomen og adverb
Av pronomena og adverba er å merke seg:
- é, mé (eg, meg)
- hån (han)
- da (det)
- hér å dar (her og der)
[endre] Substantiv
[endre] Verb
[endre] Syntaks
[endre] Dativ
Det finst dokumentert enkelte dativformer i eldre saltværing. Slik finn ein t.d. den gamle dativforma Loffota i eldre mål nokre stader. I vår tid er dativen likevel heilt borte i saltværing anna enn som relikt i visse uttrykk og i enkelte fall som stivna dativformer i stadnamn. Områdenamnet Salten er eit anna døme på ei slik stivna dativform.
[endre] Bymål
[endre] Bodø
Bymålet i Bodø skil seg ut frå vanleg saltværing på fleire vis. Det mest hørbare skiljet er nok at bodødialekten har vesentleg mindre apokope. Elles kan nemnast bruken av formene æ/mæ (for é/mé), me (for mæ, ‘med’), nu (for no), ikke eller ikkje (for ikkj(e)), de (for da', ‘det’) og hær å dær (for hér å dar).
[endre] Fauske
[endre] Endringstendensar i moderne saltværing
![]() |
Denne språkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over språkspirer. |