Bodø
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Våpen | Kart |
---|---|
![]() |
![]() |
Grunnleggjande opplysningar | |
Kommunenr: | 1804 |
Fylke: | Nordland |
Administrasjonssenter: | Bodø |
Flatevidd: | 1 385 km² |
Folketal: | 45 575 (2007) |
Målform: | bokmål |
Internettside: | www.bodo.kommune.no |
Politikk | |
Ordførar: | Odd Tore Fygle (Ap) 2003-2007 |
Bykommunen Bodø er fylkeshovudstad i Nordland fylke. Ein person frå Bodø blir gjerne kalla bodøværing.
I 1968 vart Bodø samanslegen med Bodin og dekkjer no heile Bodø-halvøya, Væran, Nordstranda, Innstranda, Løding, Kjerringøy (sidan 1984 med Tårnvik) og Saltstraumen. Skjerstad kommune vart 1. januar 2005 innlemma i Bodø. Skjerstad fekk eit eige servicetorg i Misvær for å ivareta trongen for kommunale tenester. Bodø kommune grensar i nordaust mot Sørfold, i aust mot Fauske og Saltdal, og i sør mot Beiarn og Gildeskål.
Bodø ligg nord for polarsirkelen (67° 17" N 14° 23" O) og har midnattsol frå 4. juni til 8. juli. Byen si plassering midt mellom hav og innland har gjeve han eit solid næringsgrunnlag.
Bodø sitt byvåpen er ei gul sol på raud bakgrunn. Byvåpenet er teikna av Hallvard Trætteberg, og vart vedteke ved resolusjon av regjeringa den 24. juli 1959. Byvåpenet symboliserer at Bodø er den fyrste byen nord for polarsirkelen.
Bodø er ein av byane i Noreg som har hatt størst vekst sidan 1990-åra. I 2004 hadde Bodø ein vekst på 691 personar — ikkje inkludert kommunesamanslåinga med Skjerstad). Høgskolen i Bodø har over 6 000 studentar.
i 2002 vart Nordlands Framtid og Nordlandsposten samansmelta til Avisa Nordland,og er i dag den einaste dagsavisa utgjeven i Bodø.
Innhaldsliste |
[endre] Historie
Bodø vart grunnlagd i 1816 då faktoriet Hundholmen fekk bystatus. Hundholmen endra då namn til Bodø. Byen var tenkt som ein handelsby for nordnorske fiskarar i staden for Bergen. Byen vaks lite dei fyrste 50 åra, men eit godt årleg sildefiske frå 1865 til 1874 gav nytt vekstgrunnlag. I 1900 budde det rundt rekna 3000 menneske i Bodø.
27. mai 1940 vart størsteparten av Bodø by lagt i grus av tyske bombefly. 3500 av dei 6000 innbyggjarane vart huslause, og knapt 200 hus stod att. 15 menneske omkom, av dei 13 bodøværingar og 2 britiske soldatar.
Gjenreisinga av Bodø starta då krigen slutta i 1945 og vart erklært ferdig i 1951. Takka vera god styring og forbod mot brakkereising vart byen ein av dei best planlagde i Noreg. Ein ny stor flyplass vart opna i 1952, Bodø domkyrkje i 1957, og Bodø stasjon på Nordlandsbanen i 1962.
Det amerikanske spionflyet U-2 var på veg til Bodø då det vart skote ned over Sovjetunionen i 1960, og byen fekk ein del merksemd i verdspressa etter dette. Sjå òg U2-krisa.
I 1968 vart Bodø samanslegen med landkommunen Bodin. I 2005 vart Skjerstad ein del av Bodø kommune, etter at ei lokal folkerøysting i Skjerstad gav fleirtal med 2 røyster for samanslåing.
[endre] Tettstader i kommunen
- Bodø
- Løding
- Løpsmarka
- Misvær
[endre] Kultur og natur
[endre] Idrett
Fotballaget Bodø/Glimt har spelt i Tippeligaen sidan 1993. Klubben var og det fyrste Nord-Norske laget som vann fotball-NM (1975).
[endre] Kyrkjer
Den norske kyrkja har seks kyrkjer og eitt kapell i Bodø; Bodin kyrkje, Bodø domkyrkje, Helligvær kapell, Kjerringøy kyrkje, Rønvik kyrkje, Saltstraumen kyrkje og Tverlandet kyrkje. Domkyrkja frå 1957 er rekna å vera eit av dei finaste døma på nyare norsk arkitektur, og var ei av dei fyrste kyrkjene i Noreg med frittståande klokketårn. Bodin kyrkje er frå omlag 1240 med interiør frå 1700-talet.
[endre] Museum
Kystbatteriet Nyholmens skanse frå 1808 er restaurert og ope for ålmenta. Salten Museum frå 1903 er ein av dei få bygningane som stod av flyangrepet i 1940. Norsk Luftfartsmuseum opna i 1994. 43 kilometer nord om byen ligg Kjerringøy gamle handelsstad.
[endre] Musikkliv
Nordland Musikkfestuke er den største musikkfestivalen i Nord-Noreg. Bodø internasjonale orgelfestival har vorte arrangert årleg sidan 2002, i samarbeid med det store kyrkjemusikkmiljøet rundt Bodø domkyrkje. Elles har Bodø fleire orkester og kor; av dei kan nemnast Bodø Sinfonietta, Bodø Orkesterforening, kammerkoret Con Brio og Rønvik vokalensemble.
Fridthjov Anderssen (1876-1937) utmerkte seg som organist, dirigent og komponist i Bodø.
Bodø fekk nokre av dei første nordnorske jazzorkestra i mellomkrigstida. I 1950-åra vart Bodø Jazzklubb starta og med det starta den meir populærmusikalske utviklinga.
[endre] Natur
Saltstraumen, verdas sterkaste tidevasstraum er uten tvil den mest kjende attraksjonen i Bodø kommune. Ikkje langt unna ligg dei mektige Børvasstindane som også er godt synlege frå Bodø sentrum, eit mykje nytta motiv av kunstnarar som Oscar Bodøgaard. Per Karlsatind (1036 m) er kanskje mest kjend, medan Lurfjelltiden (1284 m) er det høgaste fjellet i kommunen. Keiservarden, oppkalla etter keisar Wilhelm II av Tyskland, ligg 366 meter over havet og er kjend for si vide utsikt, der ein mellom anna kan sjå Lofotveggen. Steigtind (793 m) er kanskje det mest særeigne fjellet.
Bodømarka rett utanfor byen er eit mykje nytta turområde.
Øya Landegode er med si karakteristiske form mykje nytta i marknadsføringa av Bodø. I havet utanfor byen ligg fleire befolka øyar, mellom anna Helligvær, Givær og Bliksvær.
[endre] Kommunikasjonar
Bodø er eit viktig trafikknutepunkt. Bodø lufthamn er ein stor og moderne flyplass to kilometer utanfor sentrum, med fleire daglege avgangar til Oslo og andre norske byar. Bodø er òg endestasjon for Nordlandsbanen, med dagtog og nattog mot Trondheim og lokaltog til Rognan i Saltdal (Saltenpendelen). Riksveg 80 går austover og kjem inn på E6 ved Fauske, medan riksveg 17 (Kystriksvegen) tek av sørover ved Saltstraumen. To av dei lengste riksvegfergestrekningane i Noreg går frå Bodø til Værøy og Røst. Det er daglege bussruter frå Bodø til nord-Sverige og Narvik/Tromsø, og snøggbåtruter til Helgeland og Lofoten.
[endre] Bakgrunnsstoff
- Kommunefakta (Nordland) - frå Statistisk sentralbyrå
- Bodø kommune sine heimesider
- Destinasjon Bodø
- Nordland Musikkfestuke
- Bodø internasjonale orgelfestival
- Norsk Luftfartsmuseum
- IBODO.NO Kultur- og Fritidsoversikt for Bodø
- Bodø/Glimt
- Salten Museum
|
- Denne artikkelen var utvald og presentert som vekas artikkel på hovudsida i 2005.