Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Seimsfoss er ein tettstad i Kvinnherad kommune i Hordaland fylke. Staden ligg mellom Rosendal og Dimmelsvik ved austsida av Hardangerfjorden. Riksveg 48 går gjennom staden. Frå Seimsfoss går Guddalsdalen innover mot Folgefonna. På Seimsfoss ligg Umoe Schat Harding sitt hovudkontor for produksjon og sal av livbåtar.
I Guddalselva som renn ut ved Seimsfoss er det bygd eit anlegg for å fange laks og aure, både når dei går ut om våren, og når dei seinare kjem att. Dette anlegget er brukt i forsking.