Sergej Prokudin-Gorskij
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sergej Mikhajlovitsj Prokudin-Gorskij (russisk: Сергей Михайлович Прокудин-Горский, f. 31. august 1863 i Murom (Vladimir oblast i Russland), d. 27. september 1944 i Paris) var ein russisk pioner innan fargefotografi.
Prokudin-Gorskij studerte kjemi i St. Petersburg, Berlin og Paris. Gjennom eiga forsking tok han patent på produksjon av fargedias og på projisering av fargefilm. Rundt 1905 byrja han eit arbeid med mål å systematisk dokumentere heile det russiske imperiet i fargebilete. Eit av føremåla hans var å seinare syne fargebileta i skulen, for slik å formidle kunnskap om historia, kulturen og moderniseringa av Tsar-Russland.
Prosessen hans nytta eit kamera som eksponerte ein serie på tre svart/kvite bilete over eit par minutt (seinare korta ned til eit par sekund). Kvart bilete vart eksponert gjennom eit fargefilter; eit blått, eit raudt og eit grønt. Slik registrerte kvart bilete berre ein del av fargespekteret. Gjennom å projisere kvart bilete i farga lys, i høve til kva filter som var nytt under eksponeringa, for så å nøyaktig overlappe desse bileta, fekk ein eit bilete samansett av heile fargespekteret. Han hadde ikkje noko system for å lage fargekopiar.
Prokudin-Gorskij vart utstyrt med ei jernbanevogn med mørkeromsutstyr frå Tsar Nikolai den andre og fekk to løyve som gav han tilgang til elles avgrensa landområde. Dokumentasjonsarbeidet heldt på frå omlag 1909 til 1915 og produserte omlag 1900 til 2100 fargebilete. Han heldt fleire illustrerte føredrag som skildra arbeidet. Etter den russiske revolusjonen flykta han i 1918 via Noreg og England til Frankrike, der han busette seg i Paris. Han døydde der i 1944. Stordelen av fargefotografia hans vart i 1948 selde til det amerikanske kongressbiblioteket (Library of Congress).
Fargebileta til Prokudin-Gorskij er unike historiske skildringar av det russiske imperiet kort tid før den russiske revolusjonen. Motiva omfattar skildringar av arkitektur, miljø, folk og personar.
I 2001, laga det amerikanske kongressbiblioteket ei utstilling med namnet The Empire that was Russia. Til utstilling vart dei mange glasplatene skanna og papirbilete vart produserte digitalt.
![]()
Kasakhiske nomadar på ei steppe i Usbekistan
|
![]()
Alim Khan (1880–1944), emir av Bukhara
|
![]()
Jødiske barn med læraren deira i Samarkand
|
[endre] Eksterne lenkjer
- Om samlinga ved «Library of Congress»
- The Empire that was Russia
- Privat prosjekt av Frank Dellaert inkluderer omlag 1900 fargeversjonar av svart/kvit-originalane.
- http://www.ummagurau.com/art/russia/
- Prokudin-Gorski sine fargeportrett av L. N. Tolstoy