Usbekistan
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
|
|||||
Nasjonale motto: Ukjent | |||||
Offisielle språk | usbekisk | ||||
Hovudstad | Tasjkent | ||||
Styresett |
Republikk Islom Karimov Shavkat Mirziyoyev |
||||
Flatevidd - Totalt - Andel vatn |
447 400 km² (56.) 4,9 % |
||||
Folketal - Estimert (2005) - Folketeljing (—) - Tettleik |
26 851 195 (42.) — 60/km² (111.) |
||||
Sjølvstende - Dato |
Frå Sovjetunionen 1. september, 1991 |
||||
BNP - Totalt (2005) - Per innbyggjar |
48,137 mrd. USD (77.) 1 834 USD (147.) |
||||
Valuta | som | ||||
Tidssone | UTC +5 | ||||
Nasjonalsong | Usbekistan sin nasjonalsong | ||||
Nasjonaldag | 1. september | ||||
Internasjonal telefonkode | +998 | ||||
Nasjonale toppdomene | .uz | ||||
Usbekistan er det mest folkerike landet i Sentralasia, med om lag 26 millionar innbyggjarar. Det grensar til Kasakhstan i nord, Kirgisistan og Tadsjikistan i aust, Afghanistan i sør og Turkmenistan i vest.
Av di denne delen av Sentralasia sidan slutten av 1800-talet hadde vore underlagt den russiske tsaren, vart Usbekistan ein delrepublikk av Sovjetunionen. Den 1. september 1991 erklærte landet seg uavhengig.
Usbekistan er ein fattig og uroleg del av Asia. I tillegg til usbekarar bur det for det meste russarar og tadsjikar i republikken. Mange av innbyggjarane er sterkt misnøgde med regimet, som har blitt skulda for korrupsjon, vanstyre og grove brot på menneskerettane. President Islom Karimov hevdar på si side at dei som demonstrerar mot han, er muslimske fundamentalistar.
Den politiske situasjonen tilspissa seg våren 2005, og fredag den 13. mai starta eit folkeopprør i Andijon heilt aust i landet, som snart spreidde seg til grensebyen Kara Su, der det vert rapportert at rasande folkemengder sette regjeringsbygga i brann. Presidenten sine sikkerheitsstyrker svarte med å skyta mot opprørarane, og somme kjelder melder at fleire hundre menneske vart drepne og så mange som 2 000 såra i den første samanstøyten. Myndigheitene i Usbekistan har no gjort det forbudt for innbyggjarane å sjå utanlandske nyhende på fjernsyn, men tusenvis av menneske er allereie på flukt for å koma seg bort ifrå det som mange fryktar vil bli eit blodbad, ettersom ein ikkje reknar med at presidenten vil gå av.
[endre] Klima
Støv er kanskje det mest alvorlege klimatiske problemet i Usbekistan. Kvar vår vert store støvskyer piska opp frå Kara Kumørkenen. Dei kjem ofte i samband med torevêr som gjev lite eller ingen nedbør. Områda rundt dei nordlege fjellsidene, som i Tasjkent, har størst sjans for å få litt snø eller regn. Dei har derimot episodar med fønvind som gjev nokre varmare dagar og ein pause frå kulda som sig sørover frå Russland. Sjølv dei sentrale ørkenområda får nokre dagar med lett snø og ein god del overskya vêr. Sjølv om det aldri vert lummert er det overraskande mykje fukt i lufta om sommaren, som elles er så godt som utan nedbør. Den relative fukta er låg fordi temperaturen er høg, og enkelte dagar kan det bli opp i 45 ºC. Hausten kjem raskt og gjev ei blanding av behaglege temperaturar, mykje sol og lite nedbør.
Sentral-Asia |
Aserbajdsjan | Kasakhstan | Kirgisistan | Mongolia| Turkmenistan |
Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han. | |
Sjå òg: Oversyn over spirer. |