Silvio Berlusconi
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Silvio Berlusconi (født 29. september 1936 i Milano) er ein italiensk politikar og mediemagnat. Han var statsminister i Italia frå 2001 til 2006 og i ein kort periode frå 1994 til 1995.
Han er leiar for partiet Forza Italia som han grunnla sjølv då han byrja med politikk. Berlusconi eig òg ein stor del av italienske medier og har gjennom desse gode moglegheiter til å påverke italiensk opinion. Han har dessutan interesser i mange andre delar av næringslivet. På slutten av 1970-tallet byrja han i mediebransjen, og i 1980 starta han den fyrste kommersielle fjernsynskanalen i landet, Canale 5, og selskapet hans, Mediaset kontrollerer tre av dei sju store fjernsynskanalane i Italia (Italia 1, Rete 4 og Canale 5). Han er hovudaksjonær i det største forlaget i Italia, Mondadori, og eig m.a. fotballklubben AC Milan, forsikringsselskap og reklamebyrå.
Han har vore tiltala for korrupsjon fleire gonger, og skal igjen møte i retten i november 2006 for anklager om skatteunndraging.
Han har fem ungar frå dei to ekteskapa sine.
Føregjengar: Carlo Azeglio Ciampi |
Statsminister i Italia |
Etterfylgjar: Lamberto Dini |
Føregjengar: Giuliano Amato |
Statsminister i Italia |
Etterfylgjar: Romano Prodi |