Simon Wiesenthal
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Simon Wiesenthal vart fødd den 31. desember 1908 i Buczacz i Austerrike-Ungarn, i det seinare Lviv Oblast i Ukraina. Han døydde den 20. september 2005 i Wien i Austerrike. Wiesentahl var kjend for si verksemd med å finna nazistiske krigsforbrytarar. Wiesenthal var jøde, og sat i ulike konsentrasjonsleirar under andre verdskrig. Han overlevde Holocaust, og arbeidde etter krigen med oppspora flykta nazistar. Ein av dei mest kjende som vart funne av Wiesenthal, var den tidlegare Gestapo-offiseren Karl Silberbauer. Silberbauer var ansvarleg for arrestasjonen av Anne Frank.
[endre] Lenkjer ut
Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han. | |
Sjå òg: Oversyn over spirer. |