Sjahádah
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
- For byen Sjāhāda i Maharashtra i India, sjå Shaháda i Nandurbár.
Islam |
Dei fem søylene |
sjahádah (trusvedkjenning) |
salah (bøn) |
zakát (almisser) |
ramadán (fastemånaden) |
hadj (valfart til Mekka) |
Andre omgrep i islam |
jihad |
Sjahádah er namnet på den muslimske truvedkjenninga og blir rekna som éi av dei fem søylene i religionen islam:
لا إله إلا الله ومحمد رسول الله
Lā ’ilāha ’illā llāha wa Muḥammadun rasūlu llāhi.
“Ikkje finst nokon annan gud enn Alláh, og Muḥammad er Bodberaren åt Alláh.”
Innhaldsliste |
[endre] Omgrepa nabi (profet) og rasul (Sendebod)
I islam skil ein mellom anbiyyā (fl.) og rusul:
- Ein nabi (pl. anbiyyā) er ein generell profet. Menneske som blir rekna mellom dei største anbiyyā i islam inkluderer Ibrahim (Abraham), Musa (Moses), Isa ibn Maryam (Jesus) og Nuh (Noah).
- Ein rasul (pl. rusul el. mursalín) er høgare grad av profet, eller ‘Alláh sin Bodberar’. Den største rasulen i islam, og dermed den største av dei fem største anbiyyā i islam, er Muḥammad.
[endre] Historie
Ei av dei tidlegaste omsetjingane av Shahádahen til eit anna språk er ei gresk omsetjing frå styrestida åt al-Walid I (86–96 AH, 705–715 evt.): Ouk estin theos ei mē ho theos monos, Maamet apostolos theou.[1] (Ordrett: “Det finst ingen gud utanom den eine Gud, Muḥammad er Guds bodberar.”)
[endre] Bruk
Truvedkjenninga i arabisk kalligrafi blir mykje brukt som dekorasjon i muslimsk kultur. Ho finst mellom anna på det saudiarabiske flagget og på fleire utgåver av det afghanske flagget.
[endre] Dagleg bøn
[endre] Konvertering
Når ein ikkje-muslim seier sjahádahen med ærleg intensjon føre to muslimske vitne, blir dette rekna som ei offentleg og gyldig erklæring av konvertering til islam.
[endre] Sjå òg
- Sjemá Jisraél — den jødiske truvedkjenninga.
[endre] Bakgrunnsstoff
- «Shahadah, Confession of a Muslim» frå Islamic Society of Greater Kansas City)
- «How to become a Muslim» frå islamworld.net
Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han. | |
Sjå òg: Oversyn over spirer. |