Skambankt
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Skambankt er ei norsk rockegruppe. Gruppa vart danna i 1994, av folk frå Klepp kommune på Jæren. I starten spela dei nokre konsertar, men gav ikkje ut musikkalbum. I 2004 vart gruppa starta opp att for fullt, og gav ut musikkalbumet Skambankt.
Skambankt spelar ei blanding av rock'n'roll, punk og hardrock i tradisjonen frå til dømes Motörhead, AC/DC, Sex Pistols, Ramones og The Stooges. Alle songtekstane er på norsk språk. Tekstane formidlar eit bodskap i punk-tradisjonen. Nokre stikkord kan vera tekstar mot Staten, mot Systemet, mot korrupsjon, kapitalisme, overvaking, religiøs fanatisme, og mot hat og svik.
Frå 2004 av har Skambankt spela på mange festivalar og konsertar i Noreg, Danmark og Tyskland. På Roskilde Festival i 2005 spela dei for 20 000 festivaldeltakarar.
I 2005 lanserte dei EP-plata Skamania, med seks nye songar og to videoar. Mot slutten av året vart «Tom Skalle» på trommer erstatta med «Bones Wolsman». Eit nytt musikkalbum er under innspeling, planlagt for utgjeving i 2007.
[endre] Med i Skambankt (alle har eit alias)
- Terje Vinterstø - Ted Winters (gitar, vokalist)
- Hans Egil Løe - Hans Panzer (gitar, støttevokalist)
- Tollak Friestad - Don Fist (bassgitar, støttevokalist)
- Tom Erik Løe - Tom Skalle (trommer) fram til slutten av 2005
- Børge Henriksen - Bones Wolsman (trommer) frå 2005
Frontfigur Terje Vinterstø spelar òg i Kaizers Orchestra.
[endre] Diskografi
- Skambankt (DogJob, 2004)
- Skamania (DogJob, 2005)
- Eliksir (DogJob, 2007)