Staving
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
- Sjå òg det å stava
Ei staving er ein del av talen som ein kan seia på eitt slag. Til dømes er ordet ball bygd opp av ei staving, medan kyrkje er sett saman av to. Stavingar blir sett på som dei fonologiske «byggeklossane» til ord. Dei verker inn på eit språk sin rytme, prosodi, trykk, diktformer og så bortetter.
[endre] Oppbyggjing
I ei staving finn me alltid ein kjerne, som regel ein vokal, og i tillegg ofte ein eller fleire fonar rundt. Desse er som regel konsonantar, ettersom ein annan vokal ville føre til ei ny staving.
Fonar som kjem før kjernen blir kalla opptakt. Dei som kjem etter blir kalla stavingsrim, eller koda. Kvar av desse delane kan ha ein eller fleire fonar. I stavinga lam er det til dømes ein fon i opptakten og ein i kodaen. I stavinga fint er det to fonar i kodaen.
Kjernen og kodaen blir samla kalla rim.
![]() |
Denne språkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over språkspirer. |