Steinar Bastesen
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Steinar Bastesen (f. 26. mars 1945) er ein norsk politikar frå Dønna og tidlegare leiar i Kystpartiet. Han representerte Nordland på Stortinget frå 1997 til 2005, og sat som representant for Kystpartiet i perioden 2001–2005.
Bastesen tok kystskippereksamen i Bodø i 1967. Han er tidlegare kystfiskar og kvalfangar. I perioden 1977–1991 representerte han Høyre i Brønnøy kommunestyre (varamedlem 1975–1977). Bastesen grunnla Kystpartiet i 1999 og sat som partileiar fram til 2005, då Roy Waage blei ny leiar og han sjølv blei nestleiar.
[endre] Stortingskomitéer
- 2001–2005 medlem av Finanskomitéen.
- 1997–2001 medlem av Finanskomitéen.
- 1997–2001 medlem av Fullmaktskomitéen.
[endre] Bakgrunnsstoff
- John-Arne Storhaug: Bastesen - en kysthistorie, Gyldendal 1994 (biografi)
- Stortinget.no - Biografi